Nynorsk barnelitteraturpris 2012 er tildelt Anna R. Folkestad frå Stord for boka Unni og Gunni reiser. Prisen vart delt ut under mållaget sitt landsmøte i Ørsta denne helga.

– Noregs Mållag deler ut Nynorsk barnelitteraturpris, og dette har blitt gjort sidan 1968. Prisen er på 30.000 kroner og ein diplom. Anne Marit Godal, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret har sete i juryen.

 Juryen meiner at denne tilsynelatande enkle boka er eit viktig bidrag i norsk barnelitteratur gjennom måten ho introduserer forteljande dikting for dei yngste lesarane på.

 I grunngjevinga seier blant anna juryen at « … Ved å skape kvalitetsbøker for små barn viser forfattaren at ho tek denne lesargruppa på alvor, noko juryen meiner forfattaren skal ha heider for.» og « … Også dei andre bøkene og appane om Unni og Gunni stadfestar inntrykket frå vinnarboka om at prisvinnaren har greidd å skape eit barnebokunivers med stort potensial.»

 Lars Amund Vaage frå Kvinnherad vart tildelt Nynorsk litteraturpris 2012 for romanen «Syngja». Også denne prisen er på 30.000 kroner og vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag.