Dei vinn prisar som aldri før – men berre seks av dei hundre mest utlånte barne- og ungdomsbøkene i nynorskkommunar er nynorskbøker. På Voss merkar dei nynorskbøkene med smilefjes. Det skriv framtida.no.

– Folk i det nynorske kjerneområdet les faretruande lite nynorsk, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør ved Det norske Samlaget. – Eg trur ein del formidlarar, lærarar, bibliotekarar og foreldre ikkje tenkjer på ungane som nynorskbrukarar. Alle skulebibliotek burde tapetserast med nynorskbøker.

Mellom 5 og 8 prosent av bøkene som er gjevne ut dei siste 20 åra er nynorske bøker, ifølgje Språkfakta 2010. Biblioteksstatistikken for heile landet viser at berre ein prosent av dei tusen mest lånte bøkene var nynorskbøker. På biblioteka i dei nynorske biblioteka var talet seks prosent, ifølgje tal som Samlaget har henta inn frå storparten av biblioteka.

Vinn prisar

Jakob og Neikobav Kari Stai vann både Brageprisen og Kritikarprisen. Fire av dei siste seks Brageprisane har gått til nynorske bøker. Når ungdom sjølv kårar årets beste bøker gjennom UPrisen hevdar nynorskbøkene seg like bra. Fire av dei seks siste UPrisane er gått til ei nynorsk bok.

– Dei nynorske barne- og ungdomsbøkene vekker stor begeistring når lesaren oppdagar dei, og me er særs nøgde med alle bokmålselevane som stemmer fram nynorske ungdomsbøker til Uprisen, og drar seg gjennom 400 sider nynorsk fantasy utan å mukka og blir begeistra, seier Trohaug.

– Treng fleire lettlestbøker

Per i dag er det berre ei og anna Leseløve frå Cappelen Damm på nynorsk, det finst ingen lettlesserie som i heilskap er på nynorsk. Samlaget jobbar for å få fleire lettlestbøker ut. Men når bøker med berre ei tekstlinje per side ikkje kjem inn på innkjøpsordninga – dermed er det trong for andre støtteordningar eller spleiselag.

– Fleire lettlestbøker er tiltak nummer éin, held Ragnfrid Trohaug fast.

Ho ønskjer òg at fleire skule- og folkebibliotek øyremerkar midlar til kjøp av nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

Les heile artikkelen på framtida.no: