Rogaland fylkeskommune delte nyleg ut to litteraturstipend, kvart på 100.000 kroner. Barne- og ungdomsbokforfattar Hilde Hagerup fekk Rasmus Løland-stipendet, Henrik Nor-Hansen fylkeskommunens litteraturstipend. Utdelinga har ført til kritikk mot stipendpolitikken i Rogaland, ført i pennen av Jan Zahl i ein kommentar i Aftenbladet 21. mai. Han kritiserer ikkje forfattarane, som han meiner fortener prisar. Men, som han skriv:

«Løland-stipendet skal gå til ein norsk forfattar som har bidrege til nyskaping innan barne- og ungdomslitteraturen, og stipendmottakaren blir plukka ut av stipendkomiteen i Norske barne- og ungdomsbokforfattarar. Hagerup oppfyller heilt openbart krava i statuttane. Men det må i sanning vera eksotisk for henne å koma reisande frå Oslo til rike Stavanger og Rogaland for å bli tildelt 100.000 kroner i namnet til ein barnebokforfattar ho ikkje har noko som helst forhold til – i ein by ho knapt har noko forhold til.

Viktigare: Kva har det litterære Rogaland igjen for dette stipendet? På kva måte stimulerer desse 100.000 kronene til barne- og ungdomslitteraturen i fylket?» 

Når det gjeld den andre tildelinga, viser Zahl til at dette litteraturstipendet etter statuttane skal tildelast ein ung, uetablert forfattar med sterk tilknyting til Rogaland. Innvendinga her går på at Henrik Nor-Hansen debuterte for 17 år sidan, i 1996, og har sidan gitt ut sju bøker.

«Er ein forfattar som har gitt ut sju bøker ein uetablert forfattar?» spør han.

«Det er greitt nok at ungdomstida stadig blir utvida, men er du framleis å rekna som ung når du fyller 46 år, slik Nor-Hansen gjer i år? Den norske forfatterforeiningas litterære råd vel stipendmottakar på vegne av fylket. Har dei følgt retningslinjene i år?»

Fylkespolitikarane seier sitt

Dagen etter, 22. mai, har avisa eit oppslag der dei spør fylkespolitikarar kva dei meiner om saka. Dei meiner ikkje så mykje. Leiar for Regional- og kulturutvalet, Pål Morten Borgli (Frp), understrekar at stipendtildelingane ikkje er noko politisk sak. Mens gruppeleiar i Rogaland Arbeiderparti er litt mer kritisk, og seier til Aftenbladet at partiet ønsker ein gjennomgang av statuttane og retningslinjene for fylkets litteraturprisar.

I dag er det Det litterære råd i Den norske forfatterforening som er jury for fylkeskommunens forfattarstipend. Mens Det litterære råd til Norske barne- og ungdomsbokforfattere peikar ut mottakeran til Rasmus Løland-stipendet. 

– La lokale disponere stipendet

Debatten går vidare. I Stavanger Aftenblad torsdag 23. mai er det eit intervju med forfattar Bjørn Arild Ersland. Han er skeptisk til at NBUs litterære råd er jury, og meiner habillitetsreglane bør diskuterast når rådet deler ut stipend til ein representant i NBUs styre (Hilde Hagerup er styremedlem). Ersland meiner også det er problematisk at Rogaland fylkeskommune har valt ein meir lokal jury.

NBU-leiar Bjørn Ingvaldsen viser til at Det litterære råd har medlemmer frå fleire kantar av landet, og han peiker på fordelane ved at rådet er jury for fleire nasjonale stipend.

Han har sendt svarinnlegg til avisa.

Politikerne mener lite om stipendordning:

– La lokale disponere stipendet: