Lundenes skole og Bok- og kulturbussen i Troms er blant dei nominerte til Gullboken 2013. I grunngjevinga heiter det at dei gjennom målretta arbeid har anmeldt godt over 200 norske ungdomsbøker til Uprisen, og formidla dette vidare til ungdommar på andre skolar og i andre kommunar. Kampanjen har vore med på å auke interessa for lesing, og er basert på interessa frå ungdom sjølv. Gjennom kampanjen La ungdommen bestemme har dei gjort ein viktig og annleis jobb, der ungdommen sjølv er både avsendarar og mottakarar.
Gullboken er ein ny pris som blir delt ut av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen i samarbeid. Prisen skal stimulere til nyskaping og innovasjon i bransjen, og det er ope for alle å nominere prosjekt og kandidatar. Utdelinga skjer 5. juni.
For 2013 blir Gullboken delt ut i desse kategoriane: Årets nyskaping, Årets kampanje, Årets formidler og Årets redaktør. I tillegg skal Gullegget delast ut.
Lundenes skole og Bok- og kulturbussen i Troms er nominert i kategorien Årets kampanje. Av dei nominerte til Årets formidler finn vi Foreningen !les.