Nokre av dei mest spennande bøkene som blir skrive her til lands, er ungdomsbøker. Men kvifor skal nokon lese bøkene når ingen skriv om dei? Det spørsmålet stiller prosjektleiar i Foreningen !les, Lars Petter Sveen, i eit innlegg i Aftenposten 28.5.
«I Noreg har vi opplevd ei ny bølgje med ungdomsbøker dei siste åra. Forfattarar konverterer til ungdomsboka. Bøkene blir fleire og meir ulike. Dei viser eit større spenn, og tek inn over seg nye tider og meir komplekse samfunn. Ungdomsbøker har kort sagt fått det mangfaldet som vaksenbøker lev godt med.»
Sveen viser til Uprisen og interessa rundt den blant ungdom. Men trass i gode ungdomsbøker og lesande ungdom, så får bøkene lita merksemd blant kritikarane.
«Eg trur det vil endre seg. Ungdomslitteraturen ventar ikkje. Nokre av fjorårets mest spennande bøker var ungdomsbøker. Eg skulle likt å sjå kritikarar som makta å lese ungdomsbøkene som kjem ut, som skreiv om dei med ein kvass penn, og som også torde å samanlikne ungdomsbøker og vaksenbøker.»
Artikkelforfattaren oppfordrar redaktørar og litteraturkritikarar: «Les ei ungdomsbok frå dei siste åra, og gi boka spalteplass.»
Heile artikkelen står på trykk i Aftenposten 28.5., den er også lagt ut på nettsida til Foreningen !les.