Aina Basso og Inga H. Sætre er dei to norske forfattarane som er nominerte til den nye prisen, Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris. Basso er nominert for boka «Inn i elden» frå 2012, Inga H. Sætre for boka «Fallteknikk» frå 2011.

Nominasjonane vart offentleggjorde under Norsk litteraturfestival på Lillehammer onsdag.

I tillegg er Signe Iversen og Sissel Horndal nominert fra Det samiske språkområdet for boka «Mánugánda ja Heike».

Alle dei nominerte:

Danmark
• Kim Fupz Aakeson og Eva Eriksson (ill.)
Søndag.
Gyldendal, København 2011

• Oscar K. og Dorte Karrebæk (ill.)
Biblia Pauperum Nova
Forlaget Alfa, København 2012

Finland
• Seita Vuorela og Jani Ikonen (ill.)
Karikko (Blindskär)
WSOY 2012, Finland

• Minna Lindeberg og Linda Bondestam (ill.)
Allan och Udo
Schildts & Söderströms, 2011

Island
• Áslaug Jónsdóttir (ill.), Kalle Güettler, Rakel Helmsdal
Skrímslaerjur (Monsterkrangel)
Mál og menning, 2012

• Birgitta Sif
Ólíver
Mál og menning, 2012

Norge
• Aina Basso
Inn i elden
Samlaget, 2012

• Inga H. Sætre
Fallteknikk
Cappelen Damm, 2011

Sverige

•Sara Lundberg
Vita Streck och Öjvind
Alfabeta Bokförlag, 2011

• Jessica Schiefauer
Pojkarna
Bonnier Carlsen, 2011

Færøyene
• Marjun Syderbø Kjelnæs
Skriva í sandin (Skriv i sandet)
Bókadeild Føroya Lærarafelags, 2010

Grønland
• Nuka K. Godtfredsen (ill.) og Martin Appelt
Hermelinen
Ilinniusiorfik / SILA Center for Grønlandsk Forskning, 2012

Åland
• Isela Valve
Joels färger
PQR-kultur, 2011      
 
Det samiske språkområdet
• Signe Iversen og Sissel Horndal (ill.)
Mánugánda ja Heike
Idut forlag

Ny pris

Det var Jonas Bakken frå den norske juryen som presenterte dei nominerte. I år er første gongen Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris blir delt ut. Sjølve utdelinga blir i Oslo i slutten av oktober. NRK skal da ha ei direktesending frå Operaen, til alle dei nordiske landa.

Det var i november i fjor at det vart kjent at ein ny nordisk råds litteraturpris skal delast ut, og denne skal gå til ein barne- og ungdomsbokforfattar. Nordisk Råds litteraturpris har vore delt ut i fleire tiår, men har aldri fått til ein barne- eller ungdomsbokforfattar. det var dei nordiske kulturministrane som tok initiativ til prisen.