Marianne Kaurin og Ellen Fjestad er begge to vinnarar av Uprisen 2013. Juryen klarte ikkje å samle seg om den eine boka. Etter fleire avstemmingar vart konklusjonen at det ikkje var mogleg i år å berre gje prisen til ei bok. Ellen Fjestad får prisen for «Sammen skal vi holde himmelen», Marianne Kaurin for boka «Nærmere høst». Begge to var debutantar i 2012.
Dei to vinnarane syntest det berre var hyggeleg å dele prisen. Og dei har knapt fått att pusten etter kunngjeringa.
– Dette er uansett så overveldande, sa Marianne Kaurin. – Vi har lest bøkene til kvarandre og likar dei.
– Kva er det beste ved å vinne denne prisen?
– At det er ungdommar i juryen, svarar Ellen Fjestad. – Dei vaksne som er involvert, tar seg av det administrative, men ungdommen bestemmer, det er ungdommane si stemme som teller. Derfor heng prisen så høgt.
– Når vi skriv for ungdom, så blir vi veldig takksame for at målgruppa synest det er bra, legg Marianne Kaurin til.
– Korleis var det å vente spent?
– Ushowet er så spennande lagt opp, og ingen veit noko før namnet til vinnaren blir lese opp, seier Marianne. – Alt er så uforutseieleg.
– Og så konkurrerte to debutantar ut erfarne forfattarar?
– Eg var ikkje førebudd på dette og vart heilt sett ut, seier Ellen. – Men eg har lese alle fem bøkene, og alle er kjempebra. For meg var det å bli nominert også som å vinne.
Dei to vinnarane har begge tatt forfattarutdanning ved Barnebokinstituttet, og begge arbeider vidare med bok nummer to. Ellen Fjestad skriv nå nummer to i ein serie på tre, Marianne Kaurin har også nytt bokprosjekt på gang.
UPrisen er kåra av ungdommen sjølv. I tre månadar har seks juryklassar lese og vurdert dei fem nominerte bøkene. Uprisen – årets ungdomsbok blei delt ut for sjuande gong under Norsk Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Alle dei fem nominerte var:
Ellen Fjestad: Sammen skal vi holde himmelen. Schibsted.
Magne Hovden: Åndejegerne. Aschehoug .
Marianne Kaurin: Nærmere høst. Aschehoug .
Lars Mæhle: Fuck Off I Love You. Samlaget.
Arne Svingen og Helene Uri: Din vakre jævel. Gyldendal.