Av oversetter Anne Karin Torheim

Margaret Atwood (1939) er kanskje mest kjent for sine framtidsromanar, men i diktsamlinga Susanna Moodies dagbøker går ho tilbake til Canada i 1832. Det var nemleg det året forfattaren Susanna Moodie (1803-1885) emigrerte frå England til Canada saman med ektemann og ei lita dotter. Ho blir rekna som ein av dei første forfattarane i canadisk litteraturhistorie og er kjent for å skrive sjølvbiografisk om det strabasiøse livet som immigrant; spesielt i dei to bøkene med dei talande titlane Roughing It in the Bush (1852) og Life in the Clearings (1853). Det er tydeleg at Atwood har hatt nærkontakt med desse bøkene, for det er altså Mrs. Moodie som er eg-et i desse dikta. Slikt sett blir samlinga ein slags mental dokumentarpoesi. Fleire av dikta har dessutan fått same tittel som nokre av kapitla i Roughing It. Og Susanna Moodie blir også både sitert og omtalt i Atwoods roman Alias Grace frå 1996. Her framstår Mrs. Moodie med sans for det melodramatiske, og ho skal ha vore ein svoren fan av Charles Dickens (1812-1870).

I 2003 var portrettet av Susanna Moodie å finne på eit kanadisk frimerke, som vel fortel noko om ein viss nasjonal posisjon. Eg veit ikkje om Atwood har vore å sjå på canadiske frimerke så langt, men hennar sterke posisjon som forfattar både i Canada og internasjonalt er uomtvisteleg. Og Susanna Moodies dagbøker er blitt ein klassikar i canadisk poesi. Sidan boka kom ut første gong i 1970, har den komme i mange opplag. Atwood debuterte jo også med ei diktsamling, dvs The Circle Game (1964) og har gjennom åra gitt ut meir enn ti diktsamlingar. Den hittil siste, The Door, kom i 2007. Sjølv seier ho om poesien at den er ”at the heart of her relationship with language” og fiksjonen er ”her moral vision of the world”.

Motsetningane mellom natur og kultur, villmark og sivilisasjon, det irrasjonelle og det analytiske er moderne tema som går igjen i Atwoods forfattarskap, uansett sjanger. Og når ho organiserer ei diktsamling rundt Susanna Moodies nybyggjarliv, kjem slike tema til syne både i den indre og ytre dramatikken. Såleis er denne diktsamlinga ein god inngang til dette forfattarskapet. At Atwoods litt spesielle barndom har vore med på å gjere henne i stand til å forstå seg på livet in the Bush; altså villmarka, trur eg, har mykje for seg. Ho skriv følgjande om samanhengen mellom livet sitt og poesien: «My childhood was divided between the forrest, in warmer parts of the year and in various cities, in the colder parts. I was thus able to develop the rudiments of the doble personality so necessary for a poet.»

Far hennar var nemleg insektforskar og dreiv feltarbeid i skogane og ved sjøen nord i provinsen Quebec. Dette medførte at familien tidvis budde i telt og tømmerkoier langt frå sivilisasjonen. Det seiest at Atwood ikkje fekk regelmessing skulegong før ho kom i 6. klasse. Men dette tok ho igjen, ettersom ho studerte engelsk litteratur, samt filosofi og fransk bl.a. med Northrop Frye og Jay Macpherson som forelesarar – noko som må ha vore svært stimulerande for ein forfattarspire. I 1972 gir Atwood sjølv ut Survival: A Thematic Guide to Canadian Literature, ei banebrytande bok, mykje brukt som læreverk gjennom mange år. Den er i følgje forfattaren basert på lystlesing av både engelsk- og fransk-kanadiske diktsamlingar og romanar. Og det ho finn som eit gjennomgåande tema, er altså Survival – overleving. Dette handlar i stor grad om immigrantanes kamp for å overleve. Det er snakk om individuelle stemmer som uttrykkjer nasjonens erfaringar, kunne ein seie.

Og Susanna Moodie er ein av desse viktige stemmene. Ho blei fødd inn i ein kultivert, engelsk middelklassefamile; faren var lærd, men ikkje særleg velståande. Susanna var den yngste av seks døtrer. Foreldra underviste barna i historie, litteratur, språk og matematikk. Dei hadde eit stort bibliotek i heimen som blei flittig brukt. Då faren døydde i 1918 blei skribentverksemd noko av det ein kunne ta seg til for å overleve økonomisk, spesielt var det ein marknad for barnebøker. Såleis gav både Susanna og syster hennar, Catherine, ut barnebøker. Før ho emigrerte, hadde ho også gitt ut diktsamlinga Enthusiasm; and other Poems (1831). Dessutan hadde ho engasjert seg i The Anti-Slavery Society; blant anna ved å skrive ned to av historiene til tidlegare slavar.

Men denne kulturbakgrunnen førebudde ikkje Mrs. Moodie særleg godt til det praktiske slitet som nybyggjar. Kanskje ikkje så rart då at ho kunne få problem med å finne seg til rette. Og når det kjem til stykket peikar vel dette på motsetningane i menneskenaturen generelt – og i forfattaren spesielt – jf. Atwoods eiga ytring over her: ”I was thus able to develop the rudiments of the doble pesonality so necessary for a poet.”

Susanna Moodies dagbøker har tre tidfesta avdelingar. I siste avdeling dukkar Mrs. Moodie opp på bussen i Toronto i 1969! Men her vil eg avslutte med å sitere første diktet i første avdeling, dvs Dagbok 1 (1832 –1840):

LANDGANG I QUEBEC

Er det kleda mine, måten eg går på,
tinga eg held i handa
– ei bok, ei veske med strikketøy –
den skjerande lyseraude fargen på sjalet mitt

desse traktene ikkje har øyre for

eller er det min eigen mangel
på overtyding som skapar
denne audslege utsikta;
lange bakkar, myrene, den nakne sanden,
det skarpe sollyset på beinkvitt
drivtømmer, varsel om vinter,
månen ein framand på dag-
tid, ei tynn avvising

Dei andre spring og hoppar, ropar
          Fridom!

Vatnet i rørsle vil ikkje vise meg
spegelbildet mitt.

Berga bryr seg ikkje.

Eg er eit ord
på eit framandt språk.