Cappelen Damm søkjer nye norske stemmer innanfor sjangeren barneroman, og utlyser nå ei open manuskonkurranse for debutantar så vel som etablerte forfattarar. Førstepremien er på 250.000 kroner.
Manuskriptet må vera gjennomskreve utkast på bokmål eller nynorsk, som passar for lesarar i alderen seks til tolv år. Alle bidrag blir vurdert med tanke på utgjeving. Manuskriptet må ikkje leverast til andre forlag samtidig, og det kan ikkje ha vore publisert tidlegare.
I juryen sit: Janne Aasebø Johnsen (forfattar og formidlar), May-Britt Moseng (Bokklubbsjef), John Erik Riley (Cappelen Damm barn og ungdom) og Anne-Stefi Teigland (Litteraturformidlar for barn og unge).
Manuskriptet skal sendast til:
Barn og ungdom
Cappelen Damm AS, 0055 Oslo.
Merk sendingen «barneromankonkurranse»
Frist for innlevering: 1. mai 2014