«Litterært sett er barne- og ungdomslitteraturen i større utvikling enn voksenlitteraturen.» Det seier Dag Larsen, leiar for forfatterutdanninga i NBI til Klassekampen.
Talet på barnebøker som blir gjeve ut i Norge har eksplodert dei siste tiåra, talet er dobla på tjue år, frå rundt 600 til 1200 titlar årleg. Det blir stadig fleire utdanna barnebokforfattarar, og dei går ei tøff konkurranse i møte.
Norsk Barnebokinstitutt tar i desse dagar opp studentar til neste års kull. Sidan studiet starta opp i 2006 har talet på søkjarar auka jamnt. I år ligg talet på søkjarar på rundt 80. Dag Larsen trur at dei har så mange søkjarar fordi svært mange av dei tidlegare studentane har klart å debutere. Men det kjem ikkje av at det er lettare å få gjeve ut barnebøker enn vaksenbøker, seier han.
Med den økonomiske krisa i Europa har boksalet møtt problem. Feltet som heldt seg best, er barneboksalet. Larsen trur at det kjem av at lesing blant barn og unge har vorte meir spesialisert og samansett enn tidlegare. Da kjem det også ut fleire typar bøker.
Kjelde: Klassekampen 26.6.2013