– Å opne ei bok er som å opne døra til ei ny verd. Lesing er underhaldning, det er kjelde til personleg utvikling, og til rein glede. Å lesa gir oss høve til å delta i den offentlege debatten. Det er ei demokratisk handling. Difor er lesing viktig, seier kulturminister Hadia Tajik.
Regjeringa la denne veka fram ein leselyststrategi der barn og unge er ei sentral målgruppe. Målet med leselyststrategien er å fremje lesing og leselyst, og å sikre tilgang til litteratur for barn og unge. Leselyststrategien inneheld fleire døme på gode tiltak og prosjekt. Prosjekta er framheva for å inspirere både kommunar og andre aktørar til å setja i gang eigne prosjekt eller satse på eksisterande prosjekt i arbeidet med å auke leselysta.
Kulturdepartementet vil bruke 2,75 millionar kroner i 2013 på tiltak for å auke leselysta til barn og unge. Av dette vil Kulturdepartementet lyse ut 1,2 millionar til leselystprosjekt i 2013. Organisasjonar kan søkje om midlar til prosjekt som har som mål å fremje leselysta til barn og unge.
Leselystprosjektet Hat-trick får 850 000 kroner i 2013. Dette er eit breiddeprosjekt i regi av Foreningen !les, der litteratur og formidling skjer på fotballtrener.
Prosjektet Bok til alle-bibliotek får 700 000 i 2013. Dette er eit prosjekt der biblioteka forpliktar seg til å formidle litteratur til folk som har problem med lesing.