Bo er 17 og har gitt opp å passe inn og tilpasse seg roller. Ho er i ein protestfase, har snauklipt seg og avviser alle som vil henne vel. Ho er tøff og likevel pappajente, ho lengtar etter trøyst, men held avstand til foreldra.
Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko. Hans er ein uføreseieleg og einsam ulv, både manipulerande og tiltrekkande.
Vi følgjer Bo eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans.
Beina i gitaren er ein oppfølgjar til debutboka Utfor, som kom i 2011, og som vart nominert til Brageprisen.