Å skriva om det vanskelige

 

(Obs, litt lav lyd på videoen)

22. juli 2011, snart er det to år sidan denne hendinga som brann seg inn i alle nordmenn sitt minne, både store og små. Men korleis snakka om dette for barn, korleis kan ein forklara det som hendte? Forfattaren Vidar Kvalshaug har skrive bok om 22. juli for barn, men også vaksne.

 

På heimesidene til Gyldendal som boka kom ut på, står det at boka er for barn mellom 8-12 år og foreldra deira. Det er altså ei bok som er meint for samtale. Boka har fått gode kritikkar mellom anna på barnebokkritikk.no:

«Boka er skrevet for barn på en måte som ivaretar hensynet til dem; det fortelles for å informere, ikke for å skremme, men teksten er nok for komplisert til at den kan leses av alle i målgruppa. Den kan derimot leses høyt for dem. Slik inviterer boka en voksen formidler inn i lesinga, og det er bra.» Pernille Bineau.

Les heile anmeldelsen her.

Og i Bergens Tidende:

«Godt om sommerdagen vi aldri glemmer.» Silje M. Stavrum Norevik.

Les heile anmeldelsen her.

 

Å skriva fiksjon om grufulle hendingar

Det tok ikkje lange tida etter 22. juli før ein her og der begynte å etterlysa bøkene om hendingane. Faktabøkene har kome, men fiksjonen lar venta på seg. No har det rett nok blitt referert til 22. juli i nokre bøker, men enno er det kanskje for nært og for følsomt til å dikta opp historiar kring? Å dikta seg inn i hovudet til nokon som var der, eit offer? gjerningsmannen? nokon av dei som plukka ungdommar opp frå vatnet? pårørande? Det er kanskje enno heilt uanstendig å gjera for ein forfattar.

 

Og med dette vanskelige temaet som framleis er viktig å snakka om og kanskje framfor alt ikkje gøyma, så tar Bak Bøkene ferie. Er tilbake over sommaren med fleire forfattarintervju.

 

GOD SOMMAR OG UNN DEG TID OFFLINE