Eit klasserom eller anna egna lokale, altså eit rom med fire vegger, golv, tak, og sitteplasser, er ofte nok. Om forfattaren er ein god formidlar, i tillegg til å kunne skrive, så er det gjerne ikkje meir som skal til. Ein trenger ikkje mykje utstyr for å formidle litteratur. Ein trenger ikkje eit mørkt rom med lyskastar, stort lydanlegg eller filmlerret. Det held altså med eit klasserom. Det gjer sikkert sitt til at forfattarar og litteraturformidlarar på turnè er greie å ha med å gjere. Dei er tilpasningsdyktige.

Det sa Stig-Elvis Furset, produsent for litteratur i Buskerud DKS, bibliotekar og forfattar på fylkesmøtet for DKS i Buskerud i juni. Der fortalde han om litteraturformidling med klasserommet som arena. Innlegget kan lesast på nettsida til Kulturrådet.

Sjølv om eit klasserom er nok, så gjev likevel ikkje klasserommet optimale forhold for litteraturformidling, meiner han:

Litteraturen,  ei stemme og eitt rom. Det er befriande enkle krav og kår. Men, så begynner eg å smake på formuleringa vår. Denne «klasserom eller anna egna lokale». Kva forteller den eigentleg? Jau, slik det blir i praksis, så betyr det at DKS-opplevinga innanfor litteratur fort blir ein skuletime. Den blir noko som nett skjer som ein del av det som elles skjer i eit klasserom. Den blir liggande tett opp til ei eller anna slags form for undervisning. Ein står framfor ei tavle. Det er eit kateter i rommet. Elevane sitter bak pultane sine. Og rommet er ofte prega av … ja, rot.

Les heile innlegget til Stig-Elvis Furset om vurderinga hans av klasserommet som arena for litteraturformidling: