Tenkte eg skulle skrive litt om kva eg held på med for tida. Det er ikkje alltid like lett å fortelje om bøker som er i arbeid, eg er kanskje litt overtruisk på dette punktet? Eg trur ikkje heilt på boka før den kjem frå trykkeriet. Men likevel vel eg å fortelje om dei tre prosjekta eg held på med no. Nokre fortel eg litt meir om enn andre.

1. Eg held på med ei lettlest bok i Skumringserien til Mangschou forlag, same serien som «Gamer» kom ut på i 2011. Denne nye boka heiter «Snatch» og handlar om to attenåringar som kidnappar ei tolv år gamal jente, for å presse foreldra for pengar. Det heile går gale, og dei angrar. Dette er ei dramatisk bok, som stiller nokre moralske og etiske spørsmål. I skrivande stund er eg litt usikker på korleis den skal slutte, eg har for mange alternative stluttar! Eit luksusproblem!

2. Zombiegrøssar for ungdom. Førebels har eg ikkje bestemt meg for tittel. Forlag og konsept vel eg å halde for meg sjølv, men eg har alltid hatt lyst til å skrive ei zombiebok. Zombiar er enkle og geniale skapningar, og fenomenet har alltid fascinert meg, spesielt filmzombiar. Boka handlar om ein seksten år gammal gut som får kvardagen snudd på hovudet då zombiar invaderer heimkommunen. Myndighetene gjer det dei kan for å begrense skadane, men dei er like opptatt av å forhindre at informasjon kjem ut. Samstundes er dette ei kjærleikshistorie. Inspirert av filmar som «Shaun of the Dead», bøker som «World War Z» av Max Brooks, og sjølvsagt den brilliante tv-serien «The Walking Dead.» (Ikkje av teikneserien med same namn, for den har eg ikkje lese.)

3. Postapokalyptisk roman for barn og unge. Førebels tittel her er «Soledad», som og er namnet på hovudpersonen. Ho er på tur til Utsira saman med far sin, dei skal bu i fyrmeisterbustaden på øya, far hennar er kunstmalar. Etter ei veke skjer det noko uforklarleg. Alle folka på øya forsvinn, inkludert far hennar. Telefonnettet sluttar å virke, internett er dødt, ingen fly eller båtar er å sjå. Soledad er berre fjorten år, og er ikkje erfaren nok til å leggje utpå i båt, for å kome seg til fastlandet, i alle fall ikkje med det første. Ho blir nøydde til å overleve på den vesle øya heilt aleine. Ho observerer ting inne på fastlandet som skremmer henne. Blir stadig overraska av ekstreme orkanar og torevêr. Heldigvis har ho straum ei stund, pga vindmøllene som er der ute. Men snart sluttar dei å virke, og maten er i ferd med å ta slutt. Er ho den einaste overlevande? Eller er det andre der inne på fastlandet? Klarer ho å kome seg inn dit? Er det noko betre der inne?

Denne boka har eg halde på med lenge, og av dei som eg held på med no, er nok dette den beste. Sjangeren postapokalyptisk dystopi er ein av mine favorittsjangrar. Eller dystre framtidsvisjonar som vi også kan kalle det. Tanken på at den verda vi lever i no ein dag kan gå under er fascinerande og skremmande på same tida. Vi er så sikre på at det vi har skal vare evig, at vi ikkje tenkjer på framtida. Dette er ei bok som stiller mange spørsmål, om samfunnet vi lever i, om korleis vi behandlar kvarandre og korleis vi behandlar miljøet rundt oss. Eg gler meg til denne boka skal ut til lesarane, håper den vil engasjere mange.

Alle desse bøkene eg held på med no er på bokmål, eller sidemål som eg kallar det. Det er ikkje nokon dramatikk i dette. Det er nok ei blanding av at eg har vakse opp med både nynorsk og bokmål som likeverdige språk. Det hatet som mange bokmålsfolk har mot nynorsk er ikkje gjensidig. Bokmål kan vere eit like fint og høgverdig språk som nynorsk, og for akkurat desse bøkene passa det best med bokmål. Samstundes er det jo eit ynskje om å nå eit større publikum, det skal eg ikkje leggje skjul på. Boka «Gamer» er den mest selde boka mi, og den var på bokmål. Bøkene i serien om «Svarte-Mathilda» er heilt sikkert mykje betre og meir gjennomarbeidde bøker, men mange gidd rett og slett ikkje å lese nynorsk. Bokhandlarar tar dei ikkje inn, og mange har fordommar og trur det er vanskeleg å lese nynorsk. Eg trur det er trass, og ikkje noko anna. 

Uansett har eg aldri sett på meg sjølv som ein korsfarar for nynorsken. Nynorsken er ein del av meg og språket mitt, og eg kjem aldri til gje det heilt opp. Men dei neste bøkene mine kjem altså ut på bokmål.