Fire av dei fem bøkene som var nominert til Uprisen i år, er representert i tXt-aksjonen 2013/2014. Det gjeld vinnarane av prisen, Marianne Kaurins «Nærmere høst» og Ellen Fjestads «Sammen skal vi holde himmelen». Også nominerte Arne Svingen og Helene Uris «Din vakre jævel» og Magne Hovdens «Åndejegerne» er med. Den siste som var nominert til prisen i vår, Lars Mæhle, er representert med boka «Den mørke porten».
Årets bokantologi blir sendt ut til skolane nå i august, og dermed er det klart for ei ny runde med Noregs eldste og største leselystaksjon. Første aksjon var i 1997. 16 år seinare er opplaget til tXt-boka på 135 000, og 70% av Norges ungdomsskoleelever deltar. I alt 14 bøker er representert med utdrag i årets aksjon Smak, ni av dei er skrivne av norske forfattarar.
I august kvart år blir tXt-boka sendt ut gratis til alle ungdomsskolar som melder seg på. Boka er ein antologi med smakebitar frå nye bøker for ungdom. I tXt finn du utdrag fra ulike type bøker; romanar, teikneseriar, romantikk, fantasy, spenning, sosialrealisme, lettlest og meir krevande litteratur.