Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: «Forfattar trillar terning på seg sjølv.» No til romanen «Plutselig skjøna eg alle songane» frå 2004.

 

Tung tittel på lett bok

Plutselig var ikkje Røssland berre barnebokforfattar lenger. Med romanen «Plutselig skjøna eg alle songane» skriv han for ei heilt anna målgruppe. Boka er ei sår skildring av ein ung gut sine innarste tankar og hans ekstreme frykt for døden. Og korleis han gjennom terapi, medisinering og ein uvanleg variert musikksmak lærer seg å setje pris på livet.

Handlinga kan ved første augekast verke lettfordøyeleg. Hovudpersonen har fått seg sommarjobb, der han klypper plenar utanfor ein stor fabrikk. Ironisk sidan han lid av pollenallergi. Men med gassmaske og godt mot kjører han rundt på sin vesle traktor og klypper plen etter plen. Heile tida tenkjer han på Hanne, jenta som rett før sommarferien sa «I`m gonna miss you this summer» til han. På engelsk! Korleis skal han kunne klare å tenkje klart med dette i hovudet heile tida. 

Boka vekslar mellom notid og minner frå barndomen, der han utvikla den lammande dødsfrykta han slit med også i notida. Minner om ein avdød bror han aldri fekk møte, barndomsforelskingar, sauer og fisketurar kjem innimellom alle forsøka han har i notida på å kome i kontakt med Hanne på så naturleg vis som mogleg.

Boka blei utgitt som ungdomsbok, men Røssland kjenner seg ikkje heilt igjen i dette. «Boka er skriven for slike som meg,» seier han. «Vaksne folk som ikkje likar tanken på at ungdomstida er over.» Hovudpersonen i boka er 17 år, men tematikken er ofte tung, og musikkreferansane mildt sagt spesielle, med bandet Rush som hovudinspirator. Dette kan nok vere med på å gjere boka særs vanskeleg for dagens ungdom å trengje inn i.

Røssland kan vidare fortelje at boka ikke er så sjølvbiografisk som mange har trudd. Rett nok arbeidde han som plenklyppar på Sør-Norge Aluminium då han var seksten, han elskar Rush, og han har pollenallergi, men bror hans heiter ikkje Knut-Ivar, og han var aldri forelska i ei som heitte Hanne. Førsteutkastet var faktisk berre ein serie festar, forelskingar og fisketurar, men dette var ikkje godt nok for forlagsredaktøren. «Det står liksom ikkje noko på spel for hovudpersonen,» fekk forfattaren høyre. «Nei, vel!» tenkte han. «Eg skal sanneleg gje deg noko som står på spel!» Dermed skreiv han inn både angst, medisinering og vonde barndomsminne, så truverdig at boka har blitt sitert på nettstader som driv med psykiatri.

Boka er ikkje berre trist, det er mykje humor i det tragiske, og musikkreferansane er absolutt verdt å sjekke ut.