Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: «Forfattar trillar terning på seg sjølv.» Turen er komen til «Pode mister fotfestet» frå 2000.

I denne andre boka om Pode skjer det nok ein gong mystiske ting med seksåringen.

Pode er i ferd med å miste mjølketennene, og for kvar tann han mister skjer det noko rart med kroppen hans. Armar og bein vil ikkje lystre lenger, og då han har mister alle dei fire framtennene blir han fullstendig vektlaus, og svever omkring oppi taket. Alt dette hender sjølvsagt første veka på skulen.

Hus og bilar klarer ikkje å halde han nede, han svever til slutt opp i skyene og møter alle dei andre ungane som har vore så uheldige å miste alle dei fire framtennene samstundes. Her må han kjempe mot ein skummel kannibal, og finne ut korleis i all verda han skal kome seg heim igjen.

Om du synest den første boka leika seg for mykje med naturlovene, så gjer «Pode mister fotfestet» det endå meir. Premisset er like håplaust usannsynleg som i første boka, men vi har likevel ikkje noko problem med å godta denne skrøna Røssland fortel oss. Den første boka blei omsett til tysk med tittelen «Paul und die Kraft der Spaghetti» men denne andreboka blei for hard kost for det tyske forlaget, dei meinte rett og slett at den var blasfemisk. «I himmelen er det berre Gud som finst, ikkje kannibalar,» var argumentet deira, fortel Røssland. Sjølv synest han det er greit å bli forboden i Tyskland pga blasfemi. Det er faktisk litt stas.

Denne anmeldaren opplever ikkje boka som blasfemisk, den er full av komiske situasjonar, og etterkvart blir det også veldig spennande. Dialogen er humoristisk og karakterane akkurat passeleg overdrivne. Forfattaren kan fortelje at han fekk idéen til boka då han las Douglas Adams sin trilogi (i fem deler) «A Hitchhiker`s Guide to the Galaxy,» der hovudpersonen flyg over byen i ein draum. Dette må sjølvsagt hende med Pode, tenkte Røssland, berre ikkje ein draum, men i verkelegheita.

Akkurat som i første boka er språket leikent og lett, med masse krydder for ein vaksen lesar. Øyvind Torseter står nok ein gong for dei fantastiske illustrasjonane.

Pode og familien virkar meir gjennomarbeidde no som vi har fått lese litt meir om dei, og oppfylgjaren er minst like god som orginalen. Kanskje betre, kanskje som Gudfaren II?