Det ser ut til at zombieboka eg har jobba med ei stund kjem ut allereie før jul. Boka er ein del av ein serie frittståande bøker skrivne av mange forskjellige forfattarar, og boka mi har fått tittelen «En smak av zommer.» Gler meg til å få den ut til folket.

Det går hardt ut over øykommunen Bømlo i denne boka, men det er ikkje vondt meint. Eg likar Bømlo, både naturen og flesteparten av folket, men det spørs om enkelte kanskje synest dette blir for hard kost.