Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: «Forfattar trillar terning på seg sjølv.» Her kan du lese bokmelding av «Gamer» frå 2011.
I Røsslands første bok på bokmål går det hardt for seg. Ein ungdomsgjeng blir hekta på det nye (oppdikta) spelet War of Faluza, og etterkvart som dei stig i gradene, stig og spenninga i boka. Nokon følger etter hovudpersonen og nokon hackar seg inn på pc-ane deira. Då ein av dei blir brutalt banka opp, går mistanken mot ein i veneflokken, spørsmålet er berre kven?
Handlinga veksler mellom den verkelege verda og dei problema som dukker opp der, og den virtuelle verda. Mykje av dialogen i veneflokken går føre seg mens dei speler. Vi lærer korleis dei fungerer som gruppe, og vi får mistanke om kven av dei som ikkje kan stolast på. Dei speler og saman med ein ukjent person, den mystiske og framande Will. Kva og kven er han?
Språket er lettlest og økonomisk. Korte setningar, enkle ord. Men heile tida spennande og truverdig. Det er tydeleg at forfattaren sjølv har svetta framfor ein dataskjerm både ti og tolv timar i strekk. Den virtuelle verda er dønn truverdig, og kjensla han beskriv etter å ha spelt natta gjennom er det nok mange som kan kjenne seg igjen i, inkludert denne anmeldaren.
Eg har inntrykk av at det er berre dei som kjenner til spelverda som hundre prosent har forstått denne boka. Enkelte anmeldarar har fått det for seg at dette er ei bok som går til åtak på spelindustrien, dette er i beste fall ei misforståing. I verste fall så har dei bestemt seg for kva tematikken er før dei har lese boka. Om denne boka i det heile tatt har nokon moral så må det vere at ingen er den dei utgjer seg for, verken i den virtuelle eller den verkelege verda. At dette går føre seg i eit ungdomsmiljø som speler mykje, er berre bakgrunnen til historia. Spenninga ligg i gnissinga mellom karakterane.
Røssland har nok fått nokre skuleleie og lesetrøytte ungdommar til å lese med denne boka. Om desse ungdommane blir bokormar etterpå, gjenstår å sjå.