Barne- og ungdomslitteratur er temaet i det nye nummeret av tidsskriftet bøygen, som har sleppfest er på Deichmanske bibliotek på Grünerløkka laurdag kveld kl 19.
I det nye nummeret skriv Sten-Olof Ullström om Stian Holes prisbelønte bildebok, Annas himmel. Jurymedlem Jonas Bakkenblir intervjua om den nye Nordisk Råds litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. Nina Goga ser på kva for utfordringar anmeldarar av bildebok-apper står overfor. Les også om forskjellane på korleis ungdommar og vaksne vurderer ungdomsbøker. Skjønnlitterære bidrag ved Gro Dahle, Vera Micaelsen og Ingeborg Arvola.
På sleppfesten på Deichmanske, avdeling Grünerløkka, blir kortfilmen «Superpappa og Pelé» vist, og Iben Sandemose skal fortelja om korleis det er å jobbe med bildebøker. Aina Marie Svendsen har studert muntleg forteljarkunst ved HiOA, og vil leae nokon av dei skjønnlitterære bidraga frå nummeret. Gratis inngang.
Bøygen er eit litterært tidsskrift, grunnlagt i 1988, som blir redigert av masterstudentar ved litteraturprogrammet ved Universitetet i Oslo. Tidsskriftet er politisk uavhengig og er drive på idealistisk grunnlag med støtte frå Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Studentsamskipnaden i Oslo. Bøygen kjem ut fire gonger i året. Tidsskriftet sitt namn er henta frå skodespelet Peer Gynt, den ukjende hindringa Bøygen. Bøygens siktemål er å vise ulike sider ved litteraturen og litteraturvitskapen.
bøygen 3 / 13 er i sal frå 12. september hos blant andre Bislet Bok, Torpedo, Akademika Blindern, Cappelens Forslag, Tronsmo, Norli Universitetsgaten og Audiatur, samt utvalde Narvesenbutikkar i Oslo, Bergen og Trondheim.