Norsk forfattersentrum, Stovner bydel, Avis i skolen og Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar er dei fire institusjonane som får mest pengar frå Kulturdepartementet til leselystprosjekt.

I sommar vart det kjent at departementet ville gje 1,2 millionar kroner til leselystprosjekt. Nå er det klart kven som får tilskot.

– Å opne ei bok er som å opne døra til ei ny verd. Lesing er underhaldning, det er ei kjelde til personleg utvikling – og det gjev oss høve til å delta i den offentlege debatten. Det er ei demokratisk handling, uansett alder og lesedugleik. Difor er lesing viktig, seier kulturminister Hadia Tajik.

27. juni i år vart det utlyst 1,2 millionar kroner til leselystprosjekt. Det kom inn nesten 40 søknader med ein total søknadssum på 5,7 millionar kroner.

– Dette vitnar om stor interesse og engasjement rundt leselyststrategien. Dei prosjekta som no får støtte kan vere gode eksempel og inspirere andre aktørar, seier kulturministeren. Prosjekta er valde ut av di dei vil styrkje litteraturformidlinga til barn og unge, bidra til at barn og unge får tilgang på litteratur, auke leseengasjementet i heile samfunnet og synleggjere og samordne leselysttiltak.

Desse prosjekta får tilskot: Norsk forfattersentrum: 275 000 Stovner bydel: 150 000 Avis i skolen: 150 000 Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar: 120 000 Musea i Grimstad by: 100 000 Bokbyen Fjærland: 80 000 Bokbyen Tvedestrand: 80 000 Norske kveners riksforbund: 75 000 Ubok (nettstad): 70 000 Åmli folkeakademi: 30 000 Forfattersentrum: 30 000 Ivar Aasentunet: 20 000 Tinn kommune: 10 000 Bygdekvinnelaget Storelvdal: 10 000