Lars Mæhle vart fredag tildelt Bokhandlenes barnebokstipend 2013, det skjedde i Spikarsuppa i Oslo.
Stipendet er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeninga og Norske Barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU). Målet med stipendet er å utvikle forfattarskap og å løfte dei nye barnebøkene fram. Barnebokstipendet er på 40 000 kroner.
Frå grunngjevinga til NBUs litterære råd som innstilte Mæhle til prisen heiter det:
Lars Mæhle er ein godt etablert forfattarar med fleire spanande og fengjande prosjekt i mange uliek sjangrar, og han har så langt i forfattarskapen vist ei stigande formkurve. Bøkene hans blir berre betre og betre, og han når stadig fleire barn og unge. Det er med stor glede og begeistring NBUs litterære råd innstiller Lars Mæhle til Bokhandlarstipendet 2013. Vi kjenner oss trygge på at dette vil inspirere forfattaren til å halde fram med å skrive gode bøker til glede for små og store lesarar.
På bildet er Lars Mæhle saman med kollega Ingunn Aamodt (foto: Bjørn Ingvaldsen)