Debatten om boklova er i full gang att, få dagar etter valet. Dette vart ei av sakene høgresida vart raskast med å flagge at dei vil forandre, nå kjem den omkampen dei «lova» da lova vart vedtatt. Kan lova fjernast? Kan lova leggjast på is til 2017? Kva kjem i staden for lova? Kva seier bokbransjen nå?

Skuffa forfattarar

– Eg blir så forbanna, seier ein oppgitt Per Petterson til Dagsavisen. – Redaktørane mine i England skrik ut når dei høyrer at ein i det heile tatt vurderer å fjerne fastpris på bøker. Dette har betydd bokdød i så mange andre land.

Petterson er ein av fleire som er intervjua i Dagsavisen.

Les heile artikkelen her:

Vanskeleg å fjerne boklova?

Det kan vise seg vanskeleg å fjerne boklova, som kulturminister Hadia Tajik lanserte, og som vart lovfesta i sommar. Det meiner professor Tore Slaatta ved Institutt for medier og kommunikasjon på Blindern.

– Europeiske handelsavtaler godtar ingen bokavtale, men støttar raudgrøn boklov. EØS og EU ønskjer anten ei boklov eller totalt frislepp, seier han til Dagbladet. Han er derfor forundra over kor lett Høgre har tatt på saka om bokavtale kontra boklov.

Les heile artikkelen i Dagbladet om saka:

Legg boklova i skuffen

Norske forleggarar jobbar vidare med boklova, sjølv om dei borgarlege vil skrote den. – Da har vi ei god og tydelig boklov klar til 2017, seier Forleggerforeningens Kristenn Einarsson til Klassekampen.

Og arbeidet med lova har ikkje vore fånyttes, seier Trond Andreassen, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), som meiner jobben med lova har gjeve forleggjarar, bokhandlarar og forfattarar viktige lærdommar.

en har gitt forleggere, bokhandlere og forfattere viktige lærdommer.

– Blir boklova skrota, står vi overfor to scenarier, seier han. – Dei eine er at vi nå får så mykje som mogleg av boklova over i ny bransjeavtale. Det andre er at vi står att med verken boklov eller bransjeavtale. Det er eit scenario eg nesten ikkje tør tenkje på, seier Andreassen, som fryktar priskrig og dårlegare utval utan ei ny lov eller avtale.

Les heile artikkelen i Klassekampen om saka: