– Med desse bøkene vil vi fortelja om innvandringa frå Canada til Grønland, om kvifor folket vandra og om korleis dei klarte seg, om overlevinga og livssituasjonen. Historia er basert på arkeologisk forsking og kunnskap, men den er opplevd gjennom enkeltmennesket, slik sett blir det ei fiktiv forteljing basert på historisk viten. Det seier den grønlandske teiknaren og kunstnaren Nuka K. Godtfredsen som har laga teikningane til «Hermelinen», boka som er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå Grønland. Martin Appelt står bak historia og ideen.

– «Hermelinen» handlar om den andre innvandringa, kvar dei gjekk, om nomadelivet, nysgjerrigheita, rastløysa til folket som innvandra, seier Godtfredsen.

Hovudpersonen er kvinna ”Ukaliatsiaq” (Hermelinen), som utviklar seg til shaman (åndemanar). Historia opnar med at Hermelinen kravlar gjennom ein sprekk ute i landskapet og endar i gapet på isbjørnen. Det inneber at ho lærer namna på alle knoklane sine i kroppen, eit nødvendig ritual for å bli åndemanar. Saman med åndemanaren Umimmak drar Hermelinen mot vest til Canada på ei lang og mystisk danningsreise. I boka følgjer ein utviklinga hennar, reisa og møtet med Inuit-folket. Handlinga foregår på 1100-tallet, der den seine dorset-kulturen møter inuit-kulturen. Inuit, som nettopp hadde innvandra, tok i løpet av få genrasjonar over alle delar av arktisk Canada og Grønland, mens dorsetfolket forsvann sporlaust.

– Vi har hatt eit nært samarbeid med arkeologar, som har hjelpt oss med kunnskap om dei tidlegaste samfunna og kulturane, mellom anna detaljerte kunnskapar om reidskap, klesdrakter, fangstmetodar og tankemåte hos fortidas menneske i Canada og Grønland, fortel Nuka Godtfredsen, som sjølv bur i København med familien nå.

Godtfredsen viser utstillinga til artisten Bjørk

Godtfredsen viser utstillinga til artisten Bjørk

NBU møtte han nyleg i Reykjavik, der han for tida viser vandreutstillinga Qanga. Den vart opna i samband med litteraturfestivalen nå i september.  Utstillinga har 31 akvarellar som er laga til dei to første banda til teikneserien, som er kalla Oqaluttuaq. Oqaluttuaq er det grønlandske ordet for «Forteljingar», på utstillinga står snakkeboblene blanke.

Hermelinen er den andre boka i serien om den grønlandske innvandringa. Det første bandet med tittelen «De første skridt» kom ut i 2009 på grønlandsk, dansk og engelsk.

– Mottakinga av bøkene har vore overveldande positiv, seier Godtfredsen. – Eg har prøvd å skapa debatt og spurt folk kva dei meiner for å få fram meir kritiske synspunkt, men det har vore berre positivt.

Godtfredsen er i gang med tredje boka i serien av arkeologiske teikneseriar om Grønlands forhistorie.

– I tredje boka er handlinga lagt til 1700-talet, fortel han. – Da skjer det mykje nytt. Hans Egede, Grønlands apostel er med, det same er Nils Egede, sonen hans. Jesusbarnet kjem inn i historia, og hovudpersonen i denne forteljinga er ein grønlandsk gut.

Samarbeidet med arkeologar held fram , nå med spesialistar på 1600-1800-talet.

– Korleis reagerte du på nominasjonen til den nordiske prisen?

– Eg vart utruleg glad og stolt, seier Godtfredsen. – Det er viktig for meg også fordi det viser at folk er glade for dette verket.

Bøkene har ikkje kome ut på norsk.Utstilling Godtfredsen

 

Fram til utdelinga av prisen 30 oktober vil NBU presentere dei nominerte frå alle landa på NBU-sida.

Vi har allereie presentert dei nominerte frå Danmark: