Eg møtte forfattaren Taran L. Bjørnstad under litteraturfestivalen på Lillehammer i vår. Me snakka om ei av mine favorittbøker frå året før, nemlig Picassokvinnen. Det er kanskje ikkje tilfeldig at dette er ein crossoverroman, sidan eg likar spesielt godt bøker som tar for seg grenselandet mellom ungdom og vaksen. Seine tenår og tidlige tjueår er kanskje den mest intense fasen i livet, samtidig som relativt få vier den merksemd i litteraturen.

På bloggen Forlagsliv skriv Taran L. Bjørnstad meir om romanen og tankane bak prosjektet. Taran er ein forfattar som set seg nøye inn i det ho skal skriva om og gjer grundig research.

 

 

Internasjonal bestseljar

Den crossoverromanen som har vore mest omtala det seinaste året er John Greenes ”The fault in our stars” eller ”Faen ta skjebnen” som den heiter på norsk. Romanen har blitt ein bestseljar og ein snakkis, den er vel verd å lesa. Du kan lesa meir om dette hos NRK.

 

 

Men det finns også norsk crossover og her er ei liste over nokon av dei som eg synest er dei finaste:

Gutten til venstre av Sverre Henmo er min absolutte favoritt.

På delt andre plass er:

 Søkeord: ayotzintli av Marit Kaldhol

 og En far av Stein Erik Lunde.

Andre som også er bra er:

 Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland.

 Mirakel av Renate Nedregård

 Nødinngang av Charlotte Glaser Munch

Stille, stille, stille av Synne Sun Løes

Picassokvinnen av Taran L. Bjørnstad

 

Crossover från söta bror

Eg har vore så heldig at eg har fått lov å omsetta nokre jækla bra crossoverromanar frå svensk, nemlig ”Hallo, elsk meg da” av Johanna Thydell, ”Lysløypa” av Gunnar Ardelius og i desse dagar kjem ”Alt jeg sier er sant” av Lisa Bjärbo. Dei to første bøkene har langt i frå blitt like populære i Noreg som i heimlandet, men eg kryssar fingrane for at Lisa Bjärbo skal få oppleva suksess i Noreg også.

 

Å finna sin lesar

Min debutroman som kom for ganske nøyaktig 15 år sidan, Viss du vil var også ein crossover, men blei utgitt som ungdomsroman. Nokre av desse bøkene eg har nemnt over er også utgitt som ungdomsromanar. Dette er kanskje noko av grunnen til at sjølv om bøkene er veldig bra, så har dei ikkje heilt nådd ut til sitt norske publikum? No har rett nok både Mirakel av Renate Nedregård og Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland funne sitt publikum i Sverige og Marit Kaldhol er nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis for si bok, men det er noko som gjer at vi ikkje får desse bøkene heilt ut til lesarane her i Noreg.

Kva trur du er grunnen til at crossoverlitteraturen ikkje når like godt ut til publikum som i for eksempel Sverige, USA og Storbritania?