Barnebokfestivalen Falturiltu inviterer til seminar på Høgskolen/Stord, Rommetveit 8. november. Tittelen er Eg fann, eg fann!

Heile programmet er nå klart, og blir presentert her i invitasjonen, saman med opplysningar om påmelding:

Program

08:30     Kaffi, te, registrering

09:00     Opning. Dekan ved ALK, Hilde Steinmoen ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.

09:30     Barnelitteratur! I alle storleikar! Skriv sjølv! (Ein rapport frå begge sider av spegelen).

Festivalforfattar Einar Økland er ein samlar. Han samlar både gjenstandar, ord og vendingar. Det har vore sagt om Økland at han har djup respekt for det alminnelege, folkelege, og djup forakt for snobberiet. Her fortel han om eigen forfattarskap for born og unge.

10:15     Pause

10:30     Kinder sorpresa.  Erfaringar med bildeboksjangeren som byr på tredelt oppleving:
Ei overrasking, ei utfordring og noko som er godt.

Akin Duzakin har heilt sidan 1990-talet illustrert ei rekkje bildebøker skrivne av mange ulike forfattarar, inkludert to han har skrive teksten til sjølv. I år er han aktuell med fleire bildebøker, m.a. i samarbeid med Liv Marie Austrem.

11:15     Lunsj

12.15     «Takk og pris for rasjonaliteten, uten den måtte vi tenke selv!» – Alexander Kielland, De Fire Store.

Øystein Runde har laga to bøker med fjollete og historisk grundige actionkomediar, De Fire Store, ei samlebok om superhelten Bjartmann, ei vikingsoge om Olav Sleggja, ei barnebok om Elefanten Tommy og ein familiekrønike, Margarin. Han skal snakka om kvifor det er så kult å laga teikneserieroman, og om korleis feltet kjem til å utvikla seg framover.

13:15     Pause, kaffi

13:30     Å laga bildebok for skjerm – å forstå eit nytt medium og finna forma på eit samarbeid mellom dei forskjellige fagfelta.

Åshild Kanstad Johnsen har laga tre bildebøker for barn: Kubbe lager museum (2010), Kubbe lager spetakkel (2011) og Kubbes album om alt (2013). Den siste er laga som e-bok.

14:30     Slutt

 

Meld     deg på til

kristine.thorkildsen@stord.kommune.no

Påmeldingsfrist:     2. november

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

 

Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt.