Sjølv små snuttar av kvalitetslitteratur ser ut til å gjera oss betre til å tolke kjenslene til andre menneske og til å setja oss inn i tankegangen til andre. Det er konklusjonen til forskarane David Comer Kidd og Emanuele Castano frå New School of Social Research. Dei har testa ut kva litteraturen gjer med evnene våre. Det kan du lesa i ein artikkel på nrk.no, i eit samarbeid med forskning.no.

I USA har ein ny utdanningsstandard foreslått å redusere fokuset på skjønnlitteratur i siste halvdel av grunnskolen. Ikkje så smart, meiner forskarane.

Men ikkje alle former for lesing gjer folk smartare. Forskinga viser at verken populærlitteratur eller faktatekster såg ut til å fungere på same måten.

Hypotesen til Kidd og Castano var at noko ved kvalitetslitteraturen set i gang tankeprosessar i hjernen.

Les heile artikkelen på nrk.no