I denne intervjuserien ser vi nærmere på selve skriveprosessen, håndverket, arbeidet. Vi spør drevne, dyktige forfattere hvordan de tenker omkring dette, og også om de har noen gode skrivetips på lur. Først ut: Lars Mæhle.

Av Elen Betanzo

– Hvordan ser en god arbeidsdag ut for deg, Lars Mæhle?

– Han kan sjå så forskjellig ut. Om eg har «flyten» og får skrive mitt daglege mål på fem sider i skriveperiodene, for eksempel. Eller om ein elev kjem opp til meg i pausen under eit skolebesøk, og fortel at han eller ho har fått noko ut av bøkene mine. Det vesle glimtet kan lett skygge over alle dagane med klabbeføre.

mæhlebok2– Har du noen faste arbeidsrutiner?

– Eg skriv best og mest på føremiddagen. Etter lunsj bruker eg gjerne å lese over ting eg har skrive, svare på mail eller ordne andre praktiske små og store ting.

– Hvordan ser det ut på arbeidsplassen din?

– På det såkalla heimekontoret mitt er det smått kaotisk, med bokstablar og diverse krimskrams spreidt omkring i ein uskjønn uorden. Men i dei periodane eg har hatt kontorplass utanfor heimen, har eg hatt det heilt klinisk rundt meg. Berre ein pc-skjerm og eit ark med notat. Forklar det den som kan.

– Hva er du helt nødt til å ha rundt deg når du skriver, og hva kan du ikke ha rundt deg?

– Eg er heldig. Eg har lett for å konsentrere meg, og kan jobbe stort sett over alt, med blyant, penn og pc og alt.

– Hva gjør du når du står fast?

– Eg står — bank i bordet — sjeldan fast. Eg har alltid eit knippe med idear til nye prosjekt å ty til. Elles får eg panikk. Eg jobbar ganske mykje og medvite med idefasen. Blant anna har eg ei rutine med å gå tur ein gong i månaden, gjerne med fiskestong innover til eit vatn i marka. Da har eg med ei notatbok som eg skriv ned idear i. Kanskje eg ikkje får ein einaste ide undervegs, og da tenker eg: «Oj, no har eg ingen idear.» Men så poppar det kanskje opp nokon likevel når eg kjem heim (særleg rett før eg sovnar). Det viktige er å gi ideane rom og tid til å verke.

– Har måten du jobber på endret seg underveis i forfatterskapet ditt?

– Hm. Nei, ikkje så mykje, kanskje. Da eg jobba i forlag, lærte eg å jobbe intenst og med mange ballar i lufta. Det har eg god nytte av no.

Fuck Off I Love You

Fuck Off I Love You

– Hva er ditt aller beste skrivetips?

– Ikkje undervurder ide- og forarbeidsfasen. Fantasien er den viktigaste og finaste muskelen vi har. Og han kan trenast opp. Elles: Finn den måten å jobbe på som passar best for deg. Finn ut kva som er viktig og riktig for akkurat deg å formidle til andre. Om du står fast i eit prosjekt, legg det til sides — og begynn med noko nytt. Du kan alltids ta det opp att seinare, og evnt. da plukke ut delar av det du kan arbeide vidare med.

Nettsida til Lars Mæhle: http://larsmahle.no/