Onsdag vart det stadfesta at Thorhild Widvey frå Høgre er den nye kulturminsteren. Knut Olav Åmås, til nå kulturredaktør i Aftenposten, blir statsekretær i Kulturdepartementet.
Thorild Widvey var olje- og energiminister i Bondeviks andre regjering frå 2004-2005. Ho har vore medlem av Høyres sentralstyre siddan2008. 57-åringen har hatt ei rekjke styreverv i næringslivet, og hatt engasjement innan idrett, blant anna Tromsø 2018.
Widvey var stortingsrepresentant frå Rogaland i perioden 1989 til 1997. Da sat ho første perioden i Stortingets sosialkomité og deretter i samferdselskomiteen.
Bra med erfaren politikar, meiner Forleggarforeininga:
Statsekretær Åmås
Statssekretær Knut Olav Åmås har til nå vore kulturredaktør i Aftenposten.
Åmås har hovudfag i filosofi og er dr.philos. i medievitenskap. Han har jobba som journalist i Bergens Tidende og var forlagsredaktør i Universitetsforlaget i fem år frå 1996. Han overtok som redaktør for tidsskriftet Samtiden i 2001. I 2006 begynte han i Aftenposten og to år seinare vart han kultur- og debattredaktør i avisa.
Han har i fleire kommentarar markert seg som liberalist, fripristilhenaer og motstandar av bokloven.
Personlig rådgiver
blir Catharina Munthe (36). Ho er tidlegare byrådssekretær ved Byrådslederens kontor i Oslo og politisk rådgjevar i Oslo Høyres bystyregruppe. Ho har vore konsulent i Geelmuyden.Kiese og politisk rådgjevar i ZEROs transportavdeling.