Den nye regjeringa går imot fripris på bøker. Det seier statsekretær i Kulturdepartementet Knut Olav Åmås til Morgenbladet.

Regjeringa har sagt tydeleg frå om at dei vil reversere boklova som vart vedteken i Stortinget tidleg i sommar. Dermed har spørsmålet vore om dei ville gå inn for eit fullstendig frislepp av bokprisane.

Den norske bokmarknaden har i fleire år vorte regulert av ein bransjeavtale. Men EU meiner avtalen er konkurransevridande, og er derofr imot slike avtaler. Derimot godtar dei boklov, som fleire europeiske land har innført.

Til  Morgenbladet seier Knut Olav Åmås at det ikkje blir aktuelt å droppe avtalen om fastpris, men at dei primært vil vidareutvikle dagens bokavtale.