– Heilt sidan eg var lita har eg dikta opp historier, og eg synest det er svært spanande å utforske verda gjennom skrivinga. Det seier Sunniva Relling Berg, som nyleg vart medlem i NBU.

Relling Berg har gjeve ut to bøker, ho debuterte i 2011 med ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. I år kom ho ut med Beina i gitaren.

– Eg har skrive bøker om å ta vanskelege val, om å stå åleine og utafor, om å tørre stå opp for noko og om kor tøffe nokre dagar kan vere, seier ho.

–  Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

– Eg valde å skrive historier som eg sjølv vart nysgjerrig på, og syntest det var fint å skrive om ungdommar og den tida ein går igjennom, der kjenslene er litt ekstra store og skumle.

– Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Nett no skal eg skrive ein master om ebøker og digital publisering, så det temaet opptek meg

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Noko praktisk; vere ute på tur eller teikne t.d.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Glad for å vere del av noko større, og kunne lære/stille spørsmål.