Foto: Roald Kaldestad

Foto: Roald Kaldestad

Ein må vere klar over at både barne- og vaksenlitteratur først og fremst er kunst, og at det estetiske er noko dei yngre må få lære seg å omfamne, skriv forfattar Per Olav Kaldestad i denne kommentaren i etterkant av Falturiltu-festivalen.

Heile innlegget kan du finne på nettsida Periskop.

Her er eit par utdrag frå innlegget:

«Grunnleggjande i all kunst er eit sterkt uttrykksbehov. Kunstnarar søkjer å gjera seg og sitt gjeldande i møte med dei gjengse retningslinene for eit samfunns produksjon av bilde, tonar, scenario og ord – og dei er med på å endra dei same retningslinene med arbeidet sitt.

Kunsten byggjer bru mellom individet og fellesskapet, og den stimulerer og utviklar sanseopplevingane og tankane våre; den kan framkalla det vakre så vel som å skapa uro, den kan visa oss noko nytt eller få oss til å sjå det gamle på nye måtar, den kan opna rom for nødvendig ettertanke og omtanke. Ikkje all kunst er grensesprengjande, den gjenkjennande og stadfestande kunstopplevinga må òg reknast som verdifull; ofte er det blandinga av det gjenkjennande og det nye og framande som skaper kunstopplevinga.»

«Å laga kunst for born er i prinsippet det same som å laga kunst for vaksne. I begge tilfelle er det ei kunstnarleg utfordring: Ein prøver å skapa noko som held mål reint estetisk. Barnelitteraturforfattaren er ikkje pedagog, han er ein forfattar som tar utgangspunkt i saker som er felles for born og vaksne og gir dei eit kunstnarleg uttrykk som kan opplevast direkte av barnet. Dialogen mellom vaksen og barn er sentral i denne litteraturen, men det formande medvitet er vakse: Den barnelitterære samanhengen tilbyr kunstformer for det forfattaren har å seia – noko som har vore forløysande for mange store forfattarskap.»