Heidi frå barneboka av Johanna Spyri er sentral i det nye nummeret i NBUs skriftserie. Eva Jensen har skrive eit innsiktsfullt og interessant essay om Heidi, barneboka som vart så populær og levde så lenge. Endå til Tonje i Glimmerdalen les Heidi, og Eva lurer på om ikkje også Pippi Langstrømpe er inspirert av henne.

Andre som har gjeve bidrag til dette nummeret, er Olaug Nilssen, som har erfaring med barnebok-appar som ho deler med oss, og Ragnar Aalbu, som for ein sjeldan gongs skuld teiknar i svart-kvitt. Linde Hagerup viser at eit dikt for barn kan handle om alt.

Redaktørar for skriftserien er Helga G. Eriksen og Hilde K. Kvalvaag.