Arks barnebokpris går i år til Tom Egeland. Prisen vart delt ut torsdag under ein seremoni i Oslo, der om lag femti barn frå 4.-6. klasse var til stades. Egeland fekk prisen for boka «Katakombens hemmelighet», den første boka han har skrive for ungdom.

Fem bøker var nominerte, 10.000 barn over heile landet har lese og «Katakombens  hemmelighet» fekk flest stemmer.

Boka handlar om ein 14-åring som blir med arkeolog-mora si på ei utgraving i  Roma.