Vebjørn Sture. Foto: Odin Omdal Hørthe / NMU

Er skriftleg dialekt eit trugsmål mot nynorsken? Eller er det ein kjærkomen avleiingsmanøver for dei som vil fråskriva seg sitt eige ansvar?

Av Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom

Framvoksteren av sosiale medium, der måten å kommunisera på liknar munnleg samtale, har skapa ei ny plattform der det er akseptert å skriva på dialekt. Fylgjeleg spør somme seg kva dette har å seia for dei offisielle skriftspråka våre, og då særleg for nynorsk, som er meir utsett enn bokmål. I NRK-overskrifta heiter det jamvel at det «kan true nynorsken». Eg trur denne frykta er ganske overdriven, av særleg to grunnar.

For det fyrste vert skriftleg dialekt i hovudsak bruka på heilt nye arenaer. Facebook og Twitter fanst ikkje for femten år sidan. SMS var ikkje heller ikkje for kvarmannsen, for mobiltelefonane var knapt like avanserte – men framleis vel så digre – som ein middels frøloff. I dag er det allemannseige, men det kjem i tillegg til, ikkje i staden for meir tradisjonelle plattformer. Der dominerer framleis dei normerte skriftspråka.

Difor er eg heller ikkje så uroa. Saka kunne stilt seg annleis om skriftleg dialekt trengde bort skriftspråka frå deira domene, men det har eg til gode å sjå nokon påvisa. Tvert i mot ser me at skriftleg dialekt har funne sin eigen plass i eit nytt, digitalt rom – der også nynorsk og bokmål er i utstrekt bruk. Ungdomar vert altså eksponerte for langt meir nynorsk og bokmål enn dei vart tidlegare.

For det andre har me vorte fleire som skriv, og det er fleire som får tilgang til å lesa det me skriv. I papiralderen vart du refusert, i dag er du din eigen redaktør. Den påståtte utglidinga i skrivedugleikane kan såleis like godt handla om at dei som ikkje kom på trykk før, plutseleg kan publisera seg sjølve i staden. Det er dimed ikkje berre dei språkleg dyktigaste som vert publiserte. Det tyder likevel ikkje at å slita med grammatikken eller blanda inn dialektord er eit nytt fenomen. Det me kan slå fast, er at det har vorte meir synleg.

Det same kan me sjå i skulen. Eg har snakka med meir enn éin gamal lærar som meiner elevane blandar inn dialekt meir no enn før. Men også dette vert ei litt for enkel samanlikning. For kven går på skule no, jamført med kven som gjorde det før? Talet på elevar som tek studiekompetanse er langt høgare enn det var. Som med avisspaltene: Det var dei flinkaste som slapp til før i tida. No er det fleire som får prøva seg, og det fører logisk nok til at ein større variasjon i skrivedugleikane kjem til syne.

Nynorsk er framleis for lite synleg , seier Øystein Vangsnes.
Men kven si skuld er det, spør kronikkforfattaren? (Foto: Lars Nes)

Eg meiner difor at heile ordskiftet er på villspor. Dersom nynorskelevar slit med å halda styr på kva som høyrer med i det normerte skriftspråket, så er årsaka – som Øystein Vangsnes peikte på i den nemnde artikkelen – at nynorsk framleis er for lite synleg i kvardagen deira. Men kven si skuld er det? Kven skal gjera noko med det? Er det tenåringane sjølve som sit med ansvaret, fordi dei chattar på dialekt?

Svaret er nei. Ungdomar produserer ein svært liten del av den teksten dei sjølve les. Derimot er det interessant å sjå på dei store tekstprodusentane. Her kan me til dømes nemna VG og Dagbladet, som forbyr nynorsk på redaksjonell plass. Vidare er det berre å ramsa opp ungdomsblad og -magasin, på nett og papir – dei er stort sett kjemisk frie for nynorsk, alle saman.

Helene Uri burde merka seg at språkaktørane med
enkle grep kan gjera nynorsk langt meir synleg i kvardagen,
skriv kronikkforfattaren. (Foto: Stian Lysberg Solum/SCANPIX)

Desse aktørane kan med enkle grep gjera nynorsk langt meir synleg i kvardagen til både nynorsk- og bokmålselevar. Det burde kanskje Helene Uri merka seg, ho som sit i presidiet for Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Ho må gjerne meina at skriving på dialekt gjer «fremtiden for nynorsk som skriftspråk mer usikker», men kva med den rørsla ho sjølv er aktiv i? Det Norske Akademi er eit underbruk av Riksmålsforbundet, som har programfesta å «bekjempe utilbørlige eller urimelige forsøk på å styrke nynorskens posisjon på bekostning av den andre målformen». Dersom Uri og Riksmålsforbundet lukkast med dette, vil det skapa langt meir uvisse om nynorskens framtid enn kva all verdas dialektchatting kan gjera.

For all del: Eg skal ikkje lata som om skriftleg dialektbruk ikkje reiser spørsmål som er verde å diskutera. Dersom alle som skriv dialekt på Facebook, e-post og SMS heller hadde skrive nynorsk på desse plattformene, er det ikkje urimeleg å tenkja at denne mengdetreninga kunne gjort dei endå støare i nynorsk.

Men det er ikkje her skoen trykkjer. Nynorskelevar treng å sjå mykje meir nynorsk rundt seg, og det er eit ansvar som ikkje høyrer heime på mindreårige aksler. Heile samfunnet lyt trø til – både staten, skulen, næringslivet og massemedia.

Eit viktig fyrste steg kan vera å oppheva nynorskforbodet i riksavisene. Då må både VG, Dagbladet og Riksmålsforbundet svelgja nokre kamelar. Det kjem dei ikkje til å gjera så lenge me lèt ordskiftet handla om nokre skarve tekstmeldingar på dialekt.