Gyrid-Axe-OEvsteng– Eg har alltid hatt mykje eg gjerne skulle ha sagt, og eg er betre til å skrive enn å prate. Men eg trudde ikkje eg kunne bli forfattar, før eg brått var blitt det. Eg trur det mest ikkje enda. Det svarar Gyrid Axe Øvsteng på kvifor ho ville bli forfattar.

Gyrid Axe Øvsteng gav ut den første boka si Finn i 2009, ei biletbok om tre generasjonar Finn. Men ho hadde debutert som dramatikar fleire år før. Den andre boka, Draumar, handlar om veslesøster får ikkje sove fordi ho er redd for skumle draumar. Den tredje biletboka kom i haust. Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. 

– Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

– Det er eit godt og utfordrande og viktig landskap å vera i. Det er viktig for meg at det blir laga god samtidslitteratur for barn og unge, og eg er lykkeleg for å ha funne meg sjølv som skrivande for barn.

– Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

–  Eg er opptatt av at dét eg skriv skal vera viktig. Det skal leike, men vera viktig. Dét er målet.

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Eg likar å sykle. Høyre på musikk. Lesa bøker for barna mine og meg sjølv. Kjøre tog. Vera saman med gode folk. Drikke, ete og danse utan sko.

– Kva forventningar har du til NBU?

–  Eg lever litt slik utanfor alt, så det er viktig for meg å somme tider kjenne at ég også høyrer til ein stad. NBU er ein stad eg verkeleg vil høyre til. Elles veit eg ikkje heilt kva eg skal forvente. Eg har vore medlem av Dramatikerforbundet ei stund, og det har vore godt både sosialt, fagleg og praktisk. Eg håper NBU kan vera noko av det same: Eg kjenner meg ny som forfattar av bøker, og har mykje å lære.