Biletboka Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar er ei bok som tar opp tema som einsemd, mobbing, venskap og tunge tankar. Boka er eit godt utgangspunkt for å snakke om depresjon med barn.

Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane?

Kakerlakken trur at det er berre ho som har slike triste vintertankar, som dokteren kallar det. Men i historia møter Kakerlakken ein nattsvermar som også har kjent på det same. Han har funne ut at det er mykje lys og mykje fargar også om hausten og om vinteren, berre ein ser etter dei.

I eit humoristisk biletspråk fortel debutant og animatør Martine Grande den bittersøte historia om kakerlakken som får tunge vintertankar.

Boka kom også som animasjonsfilm på NRK Super hausten 2013.