Litteraturkritikar i NRK, Marta Norheim.

Litteraturkritikar i NRK, Marta Norheim.

Så snart bokhausten er over, dukkar dei opp: Boklistene. Til glede, nytte og kanskje forvirring. Aktuelle i dag, gløymt i morgon. Når det gjeld dei listene som er meint å vare lenge, står det meir på spel. Kva har dei tenkt på, dei som står bak den nye dramakanonen?

Det finst eit utal variantar: Dei beste bøkene, dei som har høgast opplag, dei som kritikarane har falle for og dei som lesarane held ein knapp på. Lister er ein fin ting. Der kan ein sjekke kva andre lesarar og kritikarar har likt og kanskje ein kan hente seg eit tips eller to. Private lister kjem til utan at listemakararen treng å ha den store oversikta, og det er lov å kome med hummer og kanari, lett og tungt, døgnfluger og potensielle klassikarar om kvarandre. Lister er moro.

Les også: Litteraturåret 2013 fritt etter hukommelsen

Nominasjonsmysteriet

Så finst det dei meir forpliktande listene, nemleg nominasjonar til litterære prisar. Dei som sit i juryar bør ha lese grundig og dei må kunne argumentere for at nett desse bøkene skal knive om heider og ære og pengar og alt som følgjer med. Her står det meir på spel. Prisar skal gå til dei som fortener det, og prisar skal bli hugst for ettertida. Langsinte litteratar hugsar framleis at verken Henrik Ibsen eller Graham Greene fekk Nobelprisen i litteratur, det fekk derimot Rudolf Eucken og Paul Heyse som knapt nokon hugsar lenger og: Winston Churchill, som alle hugsar, men ikkje fordi han skreiv så framifrå litteratur. Juryar gjer av og til val som verkar utruleg merkelege etterpå også for jurymedlemmene, eg veit det, for eg sit i juryar sjølv. Kva vil stå fram som våre feilvurderingar om nokon år, kven var det vi oversåg i 2013? Framtida kjem gjerne inn frå sidelinja mens ein er oppteken med heilt andre ting. I år er det i alle fall mange som får vere med. Nominasjonane til ulike prisar spriker i alle retningar, utan at det er nokon garanti for at morgondagens store klassikar vart oppdaga i tide.

Les også: En av disse blir årets roman

Der kvantitet er kvalitet

Det høgaste nivået i listesaka er naturlegvis innhaldslistene i litteraturhistoriene: der får namnet til dei få utvalte forfattarane stå og skine om ikkje til evig tid, så i alle fall til langt etter døden. Det første ein ekte bibliofil gjer når det kjem ei ny litteraturhistorie, er å sjekke kven som er med og kven som er ute av soga, bokstavleg talt. Eg vil tru at forfattarar som har oppnådd ein plass i litteraturhistoria mens dei lever, også er temmeleg ivrige etter å finne ut om dei framleis blir rekna som viktige, om dei har fått større eller mindre plass, og så naturlegvis kva som står. Men det er ikkje til å kome bort frå at i litteraturhistoriene røpar kvantiteten mykje om kvaliteten; når Henrik Ibsen har dei lengste kapitla i alle norske litteraturhistorier, er det ikkje fordi han har skrive flest bøker eller fleire sider enn alle dei andre: Det er fordi han er den beste forfattaren vi har. Eller meir presist: Dei som skriv litteraturhistorier meiner at han er den beste. Og motsett: mindre forfattarar får mindre kapittel. Men dei aller fleste får ingen ting, derfor er det å berre vere nemnt ein siger, sjølv om det naturlegvis er djupt menneskeleg å skjere tenner over kor liten plass ein fekk samanlikna med kollegaer det kjennest naturleg å samanlikne seg med.

Les også: Nominert til Nordisk råds litteraturpris

Kanonisering

Så er det nokon andre lister, som lever eit mindre definert liv inne i dette systemet, lister som kan vere skjelsetjande i verdshistoria eller bli gløymt i løpet av kort tid. Eg tenkjer på kanon, og i desse dagar tenkjer eg spesielt på dramakanonen vi fekk for få veker sidan.

Kanon er kort fortalt ei liste over bøker som eit kollektiv eller ei utvalt gruppe meiner har stor verdi på ein eller annan måte. Den mest berømte kanon på kloden er bibelen, og historia om korleis dei 66 bøkene som utgjer vår bibel vart sortert ut er spennande som ein roman av Umberto Eco og skal få liggje her, men til slutt vart det i alle fall sett strek for kanonarbeidet på kyrkjemøtet i Karthago i 397. Spørsmålet om kva vi eigentleg skal med slike kanonar har også vore oppe til friske debattar som skal få liggje her.

I våre dagar er kyrkjemøtet avløyst av juryar og skriftene dei skal heve opp er det beste innanfor eit land eller ein sjanger. Sidan «det beste» alltid er diskutabelt, bør kanonar reviderast og kritiserast. Det er også interessant å sjekke kva for kriterier ein jury har lagt vekt på. Juryen bak den nye dramakanonen har sett etter unike sceniske og litterære kvalitetar så vel som representative kvalitetar. Dessutan skulle dei leggje vekt på både kva teksten hadde å seie i si eiga samtid og i ettertida. Dette opnar for tungt bruk av skjønn, ettersom det kan vere krevjande å finne tekstar som både er unike og representative på same tid. Og somme tekstar som var viktige i samtida kan vere irrelevante i vår tid. Som alle kanonar er denne prega av dei som er sett til å gjere jobben.

Drama!

Forfatter Cecilie Løveid.

Forfatter Cecilie Løveid.

Den nye dramakanonen er laga til 75-årsdagen til  Dramatikerforbundet. Juryen fekk i oppgåve å  lage ein kanon på 10-12 verk skrivne mellom 1890 og 2000. Poenget var å sjå på det som har kome etter Ibsen. Sjølv valte eg å vente til heile kanonen var på plass før eg studerte resultatet under eitt, og i tida før alt var på plass sysla eg med nettopp dette spørsmålet: Kva har skjedd i norsk dramatikk etter Ibsen? Den første eg kom på var Jon Fosse, deretter Cecilie Løveid, Jens Bjørneboe og Oscar Braathen. Så tenkte eg: Det er jammen ikkje mykje som har skjedd etter Ibsen.

Så. Tidlegare denne månaden. Kanon er klar. Juryen går for 10 verk og ikkje 12, i og for seg ok. Så tek dei inn eitt verk frå 2011, altså 11 år etter 2000, greitt for meg, sjølv om det er kanonisere så ferske verk, same kor gode dei er. Altså blir det 9 verk mellom 1890 og 2000, i stadenfor maksgrensa på 12. Greitt nok.

Eg scannar raskt lista oppover og nedover. «Draum om hausten» av Jon Fosse, «Fugleelskere» av Jens Bjørneboe og «Ungen» av Oscar Braathen. «Et lykkelig valg»? Åja, dei meiner «Det lykkelige valg». Av Nils Kjær. Her har juryen gravd djupt. Og Hans Wiers Jensen: «Anne Pedersdotter»? Kanskje eit bra verk, eg har aldri sett det. Her har nok kriteriet «Tekstens samtidige betydning» vore i sving. Kanskje det var viktig i si tid. Det er noko det også;  det er som nemnt ikkje så mykje å ta av. Men hei, kvar vart det av Cecilie Løveid? Den formfornyande, visuelt utfordrande, internasjonalt kjende, framleis aktuelle Cecilie Løveid? Med spennande stykke som «Barock Friise», «Maria Q» og «Vinteren rivnar»? Med høyrespelperler som «Måkespisere»? I dramakanonen finst det eit gap på over 30 år mellom Bjørneboe og Fosse, mens det i dei knapt 20 åra mellom 1896 og 1913 finst heile fem drama som har kome seg gjennom nålauget. Spørsmåla hopar seg opp: Er Wiers Jensen viktigare enn Løveid? Var det ein god ide å gå heilt fram til 2011 og kanonisere eit to år gammal verk? Var det maktpåliggande å halde seg til 10 og ikkje til 12 verk?

Les også: Bokhandlerprisen til Cecilie Enger

Kva seier kanon?

Denne kanonen er komen i stand i eit samarbeid mellom Dramatikkens hus og Morgenbladet, og dei fem i juryen er kunnskapsrike og dyktige folk det eg kan døme. Det er som nemt ofte gåtefullt kva som til slutt endar på slike lister; det oppstår ein dynamikk i utsilingsprosessen som kan resultere i diskutable val.  Men fråveret av Løveid på denne kanonlista er forbi gåtefullt: denne kanonen har eit stort, demonstrativt hol der ein av våre mest spennande og utfordrande dramtikarar burde tront. Slikt opnar for debattar, og fleire har vore inne og meint noko om dette. Uansett: At Løveid, som meir enn oppfyller kriteria denne juryen har arbeidd etter er utelaten,  gjer denne kanonen dramatisk mindre viktig enn han kunne ha vore.