BJTjønn– Det var først i 11-12 års alderen eg oppdaga at eg syntes det var morosamt å skrive. Eg fekk gode tilbakemeldingar på stilane mine. Det ga meg meistringskjensle.

Det seier Brynjulf Jung Tjønn på spørsmålet om kvifor han ville bli forfattar. Jung Tjønn vart medlem i NBU nå i desember.

– Når eg las god litteratur, opplevde eg ein slags rus. Eg kunne forsvinne frå omverda og inn i mine eigne tankar og bilete. Det same opplevde eg etterkvart når eg begynte å skrive. Det er ein heilt spesiell lykkekjensle å få til å skrive. Innimellom finn eg rytmen, drivet, som gjer at eg kan halde på over ei lengre stund og bli borte fra den verkelege verda. Det er denne «rusen» som eg heile tida er på jakt etter når eg skriv. Det er ikkje så ofte det skjer, kanskje fire, fem ganger i året. Elles er skriving for det meste hardt arbeid, som krev mykje disiplin. Det som då driv meg er jakta på den gode skrivekjensla, samt at eg ynskjer å fortelle noko viktig.

Brynjulf Jung Tjønn har skrive tre romanar for vaksne. «Eg kom for å elske», som han debuterte med i 2002. «Lyden av noen som dør» fra 2008 og «Kinamann» fra 2011. I tillegg har han skrive ein roman for barn/ungdom, «I morgen skal vi sitte i solen» som kom i 2009. I 2012 kom «Fotballskoene», ei barnebok illustrert av Lisa Aisato. Hausten 2013 gav han ut ungdomsromanen «Så vakker du er». Denn fekk han Brageprisen for.

– Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

– Det er noko eg alltid har hatt lyst til. Eg var sjølv veldig glad i å lese frå eg var 11-12 år gamal, og hugsar at det ikkje alltid var like lett å finne bøker som traff meg. Difor begynte eg ganske tidleg å lese vaksenromanar. Mitt ynskje er å skrive bøker for barn og ungdom som eg sjølv ville likt å lese. Det er det som er målet mitt. Difor er drivkraften å skrive viktige historiar som kan gjere inntrykk hjå unge lesarar og som kan få dei til å undre. Eg har mykje fokus på språk, klang og rytme.

– Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Eg er oppteken av at forfattaryrket, og kunstaryrka generelt, skal bli respektert som ordentlege yrke og ikkje berre hobby, som einskilde trur. Dette gjeld politikarar, men også andre. Til dømes får ikkje forfattarar alltid ordentleg betalt når dei stiller opp for å lese frå bøkene sine. Eg har sjølv opplevd dette. Eg meiner det er nedvurdering av kunstnaryrket.

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Då går tida stort sett til familie. Eg har to små barn og ei kone som eg vil vere mest mogleg saman med.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Eg har veldig godt inntrykk av NBU og merka at foreininga engasjerte seg sterkt då regjeringa ynskte å fjerne 15 millionar frå stipendpotten. Eg meiner det er viktig å vere medlem fordi NBU kjempar for rettane til forfattarane, slik at dei skal få moglegheit til å søkje på stipend og få betalt for oppdraga sine i framtida.