svenske_boker_3I alle dei fem nordiske landa står barne- och ungdomslitteraturen for mellom ti og 20  prosent av den totale bokutgjevinga (Nordic Book Statistics Report 2011). Sett i høve til folketalet gjev Danmark ut svært mange bøker, men frå 2011 er Sverige det landet som gjev ut flest titlar pr år. Utgjevinga her auka med meir enn 50 prosent på berre seks år (2002-2008), noko som kan forklarast av at momsem på bøker vart sett ned frå 25 til 6 prosent i 2002.

Det skriv Åsa Warnqvist, forskar ved Svenska barnboksinstitutet,i ein artikkel som er trykt på Barnebokinstituttet.no. Innlegget vart skrive til Nordisk barnelitteraturseminar i Oslo 29.-30. oktober 2013.
Sjanger og temaDet som pregar den svenske litteraturen, også barne- og ungdomslitteraturen, er først og fremst kriminalbøker. Den største framgangen innafor denne kategorien er truleg LasseMajas detektivbyrå av Martin Widmark og Helena Willis, bøker for barn i 6-9-årsalderen.Også Fantasylitteraturen er blant dei katagoriane som har vore sentrale dei siste tiåra, og både den og kategoriar som hestebøker og den klassiske spøkelseshistoria, er kjennesteikna av meir og meir sjangerblanding.Den svenske realistiske ungdomsboka av i dag er i stor grad prega av alvor og ein tilstand av indre, psykologiske prosessar. Fokuset ligg på det vanskelege i tenåringslivet. Hausten 2013 var det uvanleg mange bøker som tematiserte einsemd og utanforskap.Fleire kvinner

Men den tydelegaste trenden dei seinare åra er at talet på kvinnelege forfattarar aukar, det same gjeld kvinnelege hovudpersonar.  Mange kvinnelege forfattarar vel å skildre opplevingane til jenter og unge kvinner, ikkje minst kring lyst og seksualitet, ut frå eigne perspektiv.

2012 utnemnde Svenska barnboksinstitutet grenser och grenseløyse til det store temaet i den svenske barne- och ungdomslitteraturen. Forfattarane søkjer å finne nye måtar å konstruere forteljinagne sine på og nærme seg normer, t.d. var det i 2012 mange skildringar i ungdomsbøker av bi- eller homoseksuelle unge menneske som såg på seksualiteten sin som noko uproblematisk.

Les heile innlegget til  Åsa Warnqvist på barnebokinstituttet.no:

http://barnebokinstituttet.no/artikkel/1366/barn-och-ungdomsbok-utgivningen-sverige