Forhandlingane om ein ny bokavtale er i gang. Det seier administrerande direktør i Forleggerforeningen, Kristenn Einarsson til Dagsavisen.

Før jul vart det klart at den nye regjeringa erstattar den nyleg vedtatte boklova med ein bokavtale som bransjen sjølv, i form av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen, skal forhandle fram på eiga hand. Bokavtalen skal vera ein avtale mellom bokhandlarane og forleggjarane om fastpris på nye bøker det første året etter utgjeving. Oppdraget kjem frå regjeringa, og utkastet til avtale skal vera klart innan 1. mars. Det betyr at det begynner å haste, for foreiningane har knappe to månader på seg til å bli einige om innhaldet.

– Det vil vi gjera vårt beste for å rekkje, og vi begynner nå, seier Einarsson.

Den nye bokavtalen skal vera heilt klar ved utgangen av 2014.

Les meir om forhandlingane og dei som står utanfor på Dagsavisen.no.