Forfattar og NBU-medlem Jon Bing er død, 69 år gammal.

Bing debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1967 med novellesamlinga «Rundt solen i ring» – saman med Tor Åge Bringsværd.

Dei to gav seinare ut ei rekkje bøker, skodespel og TV-manus innafor science fiction-sjangeren, både for barn, ungdom og vaksne. Bing har dessutan skrive fleire faglitterære bøker, spesielt innafor opphavsrett, juss og data.

Ungdomsboka «Azur – kapteinenes planet» kom i 1975 og var det første av fire bøker om stjerneskipet Alexandria. Bing fekk både Dammprisen og Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for boka, mens teiknaren Thore Hansen også fekk departementets pris for illustrasjonane til boka.

Jon Bing vart utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999, var æresdoktor ved Stockholms universitet og Københavns Universitet og har vunne fleire forfattarprisar – blant anna Rivertonprisen og Brages heiderspris. Som tredje nordmann i historia er han innehavar av Nordisk juristpris.

Jon Bing var fødd i Tønsberg, men vaks opp i Trondheim, dit familien flytta frå Kragerø da han var tre år gammal. Han har budd i Oslo i mange år.