Av Guy Puzey, som oversetter fra norsk til engelsk
Høsten 2012 utlyste NORLA – Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet – en kåserikonkurranse for utenlandske oversettere av norsk litteratur. Oversettere fra hele verden ble invitert til å skrive kåserier med betraktninger fra sitt oversettervirke. Tematikken var fri, gjerne underlige eller irriterende ting og fenomener – enten i det norske språket eller ved den norske kulturen. I fjor ble både vinnerbidragene og de andre kåseriene publisert her på Oversetterbloggen: HER, HER, HER, HER, HER, HER, HER, HER og HER. Én tekst måtte imidlertid ettersendes, og den er nå endelig klar til å legges ut:
Det er til ei kvar tid fleire tusen menneske som studerer norsk utanfor Noreg. Mange av dei har valt å studere norsk fordi dei har norske slektningar, norske kjærastar, norske båtar eller norske ski. Sjølv har eg ingen norske slektningar og ingen båt. Eg har berre gått på ski éin gong, og det var på plastmatter. Det gjekk litt dårleg. Kanskje på grunn av dette har eg aldri hatt ein norsk kjærast. For litt over ti år sidan valde eg likevel å studere norsk (saman med italiensk) ved Universitetet i Edinburgh. Noko skjedde undervegs som førte til at eg no skriv meir på nynorsk enn på bokmål sjølv om det var bokmål som eg lærde først. Eg har skrive doktoravhandling om norsk språkpolitikk og driv no mykje med å undervise norsk og med å omsetje frå norsk til engelsk.
Det skjer ganske ofte at andre spør meg kvifor eg valde akkurat norsk, og det skjer av og til at eg spør meg det same. Nokre personar byrjar å studere norsk fordi dei gjerne vil forstå norske kultureksportar på originalspråket, anten det dreier seg om Henrik Ibsen, Tarjei Vesaas, Erlend Loe eller Dimmu Borgir og svartmetall. Så vidt eg hugsar, vart eg først utsett for norsk kultur på grunn av at mor mi spelar sekkepipe. Eg var ikkje så interessert i sjølv å spele sekkepipe. Mor tok meg ofte med da ho skulle på sekkepipekonsert eller på sekkepipelagsmøte. Eg sat i hjørnet og las leksene og teikneserieblad medan verdas beste sekkepipespelarar sakte gjekk laus på høyrsla mi. Mor tok meg med på Edinburgh Military Tattoo i 1993, ei stor militær oppvising på esplanaden framfor borga i Edinburgh. Der kan ein sjølvsagt sjå og høyre mange sekkepiper, men i 1993 var musikk- og drilltroppen frå Hans Majestet Kongens Garde også med. Eg likte dei flotte paradehattane deira med plymen av bøffelhår og syntest at dei norske gardistane var det beste innslaget. Til og med betre enn sekkepipene.
Da eg vart litt eldre, byrja eg å høyre på norsk radio på mellombølgja frå radiosendarane på Kvitsøy og på Vigra, som no er rivne ned. Noreg er Skottlands nærmaste nabo på kontinentet og ikkje langt over Nordsjøen frå der eg voks opp, så det var lett å få norsk radio. Eg syntest at den gamle Europakanalen frå NRK hadde mykje av den beste musikken, og det var gøy å prøve å forstå språket. Ein av dei norske songarane som eg likte best, sjølv om ho som oftast syng på engelsk, var Lene Marlin. Eg vart medlem i ein fanklubb for henne på Internett, og der vart eg kjend med ei italiensk jente som eg no har vore saman med i tolv år og er gift med, og som også har studert norsk.
Eg visste det ikkje da eg var liten, men eg har faktisk også ei familietilknyting til Noreg gjennom gamleonkelen min, som heitte George Jefferies. Han var haleskyttar på torpedobombefly under den andre verdskrigen, og han fall i kamp saman med resten av mannskapet da flyet deira vart skote ned utanfor Lista 17. mai 1942. Radiooperatøren er gravlagd i Sola kyrkjegard medan dei andre vart borte på sjøen. Dette har gjort det enda meir meiningsfylt for meg at eg har noko med Noreg å gjere.
No som eg har forklart korleis eg kom i kontakt med Noreg, er det kanskje lurt å gjere greie for kvifor eg skriv dette på nynorsk, for det er jo ikkje tilfeldig. Noko dei aller fleste som lærer norsk i utlandet har til felles, er at vi vert litt overraska når vi først kjem til Noreg og skjønner veldig lite av det folk seier til oss. I dei fleste opplæringssentra som tilbyr norskkurs i utlandet, er det bokmål studentane møter først i lærebøker, og det er vanlegvis opplese bokmål dei får høyre i lytteøvingane som er knytte til lærebøkene. I utgangspunktet kan det norske språk- og dialektmangfaldet vere litt av ei utfordring, men utanlandske norsktalarar set ofte pris på at dei vert inkludert i dette mangfaldet ved at dialektbrukarar ikkje normerer talemålet til bokmål når dei snakkar med oss. Personleg synest eg at det vert mykje lettare å forstå dialektar utanfor Austlandet når ein er kjend med nynorsk, for skriftspråket nynorsk er jo basert på norske dialektar.
Grunnen til at eg fekk lyst til å skifte til å skrive på nynorsk har likevel ein del med ideologien bak språket å gjere.Dialekt- og språksaker er alltid politiske saker. I Noreg har kampen for bruk av dialektar vorte ein del av eit større prosjekt for å frigjere folk sosialt og for å fremje tanken om likeverd og sjølvtillit. Det har også vore ei viktig motvekt mot sentrumsmakta i samfunnet. Den utbreidde bruken av dialektar i Noreg er ein stor suksess for sosial likestilling og språkleg medvit, og slike suksessar er nokså sjeldne rundt omkring i Europa.
Dimed har eg berre delvis forklart kvifor ein utlending som meg kan vere så interessert i nynorsk, men korleis kan alt dette påverke sjølve omsetjingsprosessen? Ein norsk tekst som eg nyleg har omsett til engelsk er den første boka av den vedunderlege barnebokforfattaren Maria Parr, Vaffelhjarte: Lena og eg i Knert-Mathilde (Det Norske Samlaget, 2005) [Waffle Hearts: Lena and Me
in Mathildewick Cove (Walker Books, 2013)]. Denne boka fortel om to unge venner, Trille og Lena. Trille er ein ganske sjenert og tenksam gut, og Lena er ei livleg jente som alltid finn på noko nytt å gjere, som oftast noko farleg. Boka handlar om eventyra og vennskapen deira, og om kva som skjer når Lena og mor hennar skal flytte vekk frå det lisle vestlandske kystsamfunnet der dei bur.
Boka er på nynorsk. På den eine sida stemmer det jo at nynorsk er eit språk som alle andre. Dersom heile boka er på den same språkvarianten, er det kanskje legitimt å spørje om det spelar noka rolle for omsetjaren om boka er på riksmål, bokmål, nynorsk, høgnorsk, trøndersk eller kva det kan vere. Likevel er det alltid viktig å forstå på tekstnivået kva slags idéar er knytt til den språkvarianten i det vidare samfunnet og den vidare kulturen som teksten er ein del av. Dette gjeld spesielt når ein tekst alt har fått merksemd utanfor det spesifikke språksamfunnet til forfattaren eller som teksten omtalar. Lesarane av Vaffelhjarteer jo ikkje berre folk frå Sunnmøre eller som har nynorsk som hovudmål. Dimed må vi tenkje litt på kva det nynorske språket kan signalisere til norske lesarar. Sjølv om nynorsk og bokmål offisielt er likestilte over heile landet, er situasjonen slik at bokmål er den hegemoniske språkforma, og det ligg historisk ein del mothegemoniske tendensar i målrørsla. Dessutan finst det eit kjerneområde på det rurale Vestlandet som mange identifiserer nynorsk med. Dette området og det nynorske språket er i sin tur identifisert av mange i dagens Noreg som perifere. Makta til bokmål er synleg også på DVD-omslaget til NRKs filmatisering av Vaffelhjarte, der det står for eksempel ’basert på en bok av Maria Parr’.
Dersom ein omset denne boka til eit minoritetsspråk, er det mogleg å bevare alle desse aspekta ganske godt, men i dette tilfellet måtte eg omsetje boka til det språket som for tida har størst språkpolitisk makt i verda. Når vi tenkjer på dei største minoritetsspråka i Storbritannia, er walisisk, gælisk og irsk keltiske språk som er veldig forskjellige frå engelsk. Det skotske språket er eit germansk språk som er gjensidig forståeleg med engelsk til ei høg grad, men eg gjekk ut frå at dei gode folka på forlaget i London ville vere litt forvirra dersom eg leverte eit manus på skotsk som dei da må prøve å selje til engelskspråklege lesarar rundt i verda, og dessutan kan eg ikkje skrive skotsk.
Dimed valde eg å krydre teksten med nokre få ord og uttrykk som vil gje mange lesarar eit inntrykk av ein perifer stad. Desse krydderorda hadde ofte ein litt skotskaktig smak, og eg måtte jo forklare til forlaget kvifor eg gjorde dette. Etter at eg gav dei ei lita orientering om den norske språkstoda, kunne dei gå med på å bruke dei fleste av desse orda, slik at Trilles ’tante-farmor’ fekk lov til å kalle han ’laddie’ og ikkje ’boy’. Det gjaldt sjølvsagt å vere litt varsam med desse skotskaktige krydderorda. Eg ville ikkje knyte teksten for mykje til ein ekte stad i Storbritannia fordi det er heilt tydeleg at handlinga i Vaffelhjarte finn stad i utlandet. Maten er ein viktig del av det eksotiske for utanlandske lesarar: Vaflar er for eksempel ei nokså sjeldan matvare hos oss, og personane i denne boka drikk meir kaffi enn te.
Forlaget Walker Books gjorde eit veldig grundig arbeid med boka, og eg synest at vi kom fram til eit kompromiss med ei omsetjing som både er trufast mot den norske teksten og lett tilgjengeleg for engelskspråklege lesarar. Eit eksempel hadde med mat å gjere, nemleg kamferdrops. Dette viktige næringsmiddelet med lækjande eigenskapar heiter ‘camphor lozenges’ på engelsk. Forlaget syntest nok at dette vart litt for rart og gammaldags og endra det til dei nokså vanlege ‘peppermints’, men poenget var nettopp at det måtte vere gammaldags fordi det er dei eldre personane i boka som et dei. Eg snakka med ekte nordmenn, som kunne stadfeste at kamferdrops er gammaldags også på norsk. Dimed kom vi fram til ‘boiled sweets’ som eit kompromiss.
Eit anna element i å lage ein språkleg smak rundt teksten som gjer det mogleg å tru at handlinga går føre seg i Kyst-Noreg kom med å omsetje dei forskjellige nestenbanneorda. Maria Parr har ein filosofi om å ikkje banne i boka, men ho har lagt seg så nær opptil som det går med Lenas ’søren ta’ eller farfarens ’honden-dondre’. Desse vart omsett med uttrykk som hadde noko med kystsamfunnet å gjere, nemleg med fisketerminologi, som ’smoking haddocks!’ eller ’you smoked haddock!’ (dvs. ’røykjande hyser’ eller ’din røykte hysa’), eller ’suffering sticklebacks’ (’lidande stingsildar’).
Sjølv om det er umogleg å bevare heile det språklege biletet som ein norsk tekst kan gje, anten teksten er skrive på bokmål eller på nynorsk, finst det da ulike strategiar ein omsetjar kan bruke for å prøve å gje att litt av den fargerike biletveven som er det norske språket. Det vil eg gjere som omsetjar. Som norsklærar håpar eg også at nokre lesarar vil da få lyst til å lære originalspråket. Og da helst begge formene!
19. oktober Medlemsmøte NBU 16.-20. oktober Bokmessen i Frankfurt. 1.- 9. november Falturiltu
Lederbrev
Bokhøst og bekymringer 18. september 2024
Aller først: NBU gratulerer Tor Åge Bringsværd som er utnevnt til kommandør av Den Kongelige, Norske St. Olavs Orden for sitt forfatterskap. Bringsværd er den fjerde barne- og ungdomsbokforfatteren som har mottatt utmerkelsen (etter Egner, Vestly og Gaarder). Det var styret i NBU som tok initiativet til å anbefale Bringsværd til utmerkelsen, og det var med stor glede vi mottok nyheten før sommeren. Onsdag 28. august ble Bringsværd behørig feiret i hjemlige trakter på Vestby Kulturkvartal.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere