Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: «Forfattar trillar terning på seg sjølv.» Forfattaren granskar si eiga splatterbok «En smak av zommer».

Zombiar inntar Zvortland

Ein vakker sommardag i det idylliske øyriket Bømlo på Vestlandet er Max på veg til sommarjobb. I all hemmelighet for mor si har han fått jobb i dei nyopna gullgruvene, der den eksentriske amerikanske gullgravaren Savini er sikker på å bli både rik og berømt. Nede i dei mørke gruvegongane skjer det noko, og Savini kjem ut med eit mystisk bitemerke på ryggen og eit rykande temperament.

Max har sitt å slite med, både skuldkjensla for faren sin tragiske klatredød, og ikkje minst: korleis skal han skal vinne draumejenta Sofie? Akkurat når alt ser ut til å gå bra, blir øya overstrømd med zombiar! Og Max har meir enn nok strev med å halde seg i live, og å finne igjen Sofie som sjølvsagt befinn seg milevis unna. 

Røssland har på fiffig vis fortalt deler av historia gjennom mystiske avhøyr, der ein hemmelighetsfull agent grillar folk som har meir eller mindre tilknytning til hovudpersonen Max, og gradvis blir vi klar over ein farleg konspirasjon bak det heile – eller ikkje? Dette er noko av det vi skal gruble over.

Boka er både heseblesande spannende og herleg leikande. Den nye GRUSOM-serien til Egmont har gitt forfattaren sjansen til å boltre seg i både vald, satirisk humor og kanskje litt meir karikerte karakterar enn han vanlegvis ville gjort. Dette er hemningslaust kommersielt og blodig underhaldande i skjærgarden – Braindead møter Vi på Saltkråkan, med eit snev av World War Z. Røssland lover fleire bøker i denne serien av frittståande bøker, om dette skulle vise seg å bli populært.

Røssland kan sin horror, og her er det referansar til både klassiske zombiefilmar av George Romero og nyare boksuksessar som The Zombie Survival Guide av Max Brooks. Sanneleg dukkar det opp ein del veldig lokale parodiar òg, men dette ville ikkje forfattaren utbrodere vidare.

Boka er skriven på sidemål, altså eit konservativt og fintflytande bokmål. Vi som kjenner dialektane på Vestlandet får berre innbille oss at dei snakkar flytande bømladialekt i denne boka, så går heile sidemålsproblematikken fort over. Her flyt både blod og kroppsdeler, mens vi heier på helten Max, og kjærasten Sofie. Men kan menneska reddast frå denne apokalypsen?