Marte Aune, Tom Egeland, Thomas Enger, Hilde Hylleskaar og Tor Arve Røssland er dei fire forfattarane som er nominerte til årets Upris. Lista vart offentleggjort på barne- og ungdomslitteraturkonferansen i Bergen måndag.
Marte Aune er nominert for boka «May Lenda», Tom Egeland for «Katakombens hemmelighet», Thomas Enger for «Den onde arven», Hilde Hylleskaar for «Det er her jeg skal være» og Tor Arve Røssland for «Svarte-Mathilda III».
Dei nominerte bøkene vart presentert av Erlend Myhre, som er ein av ungdommane som har sete i juryen, og Bjarte Bakken, prosjektleiar for Uprisen.
I alt 47 titlar var med i 2013, 21 anmeldarklasser deltok, i alt rundt 400 ungdommar.
Juryen på fire personar las i alt 640 bokmeldingar og sette opp lista etter dei. I tillegg til Erlend Myhre sat Marianne Kristiansen, Fredrik Luva og Synne Kjærvik i juryen.
Juryen har også sett opp ei langliste, der desse forfattarane er med: Lisette Askø, Stein Morten Lier, Johan B Mjønes, Aslak Dørum og Mari Moen Holsve.
Nå skal sju juryklasser kåre vinnaren som fpr utselt prisen under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai.