Ein bibliotekar er ein person som låner ut bøkene våre. Som les bøker og gjev råd. Kva førestellingar  har så folk flest om ein bibliotekar? Kva med framtidas bibliotek og bibliotekarar? Er litteraturhusa noko heilt anna enn bibliotek?

Dette er spørsmål Mariann Schjeide, biblioteksjef i Ålesund, tar opp i ein artikkel i den nye utgåva av tidsskriftet Syn og Segn. Ein forkorta versjon av artikkelen står på trykk i Dagbladet.

Schjeide skriv:

Han har tatt på seg flørteblikket no, og etter ein ny sup av vinglaset seier han: «Verkeleg? Bibliotekar? Du ser ikkje ut som ein bibliotekar.» Nok ein gong blir eg både litt fornærma og litt smigra. Men eg vel å la smigeren søkke inn, og seier så etter den første søte kløa: «Og korleis ser så ein bibliotekar ut?»

Meir om bibliotekarmyten:

Å vere bibliotekar er framleis nokså mytebelagt. Ein opplever mellom anna å vere den personifiserte kjelda til dårleg litterært samvit hos andre, i tydinga at mange folk kjenner på seg at dei får lese for lite. Men kven bryr seg om kva lånarane les? Ikkje eg! Som bibliotekar får eg også ofte spørsmålet om kva eg les akkurat no. Ofte er svaret mitt: «Ingenting.» Eg les nemleg ikkje heile tida. Å innta rolla som bøkenes moralske vaktar passar svært få bibliotekarar. I staden lyttar vi interesserte til orsakinga.

Ho ønskjer formidlingsglade bibliotekarar:

Det har oppstått eit omgrep blant bibliotekarar etter at Lom folkebibliotek, årets bibliotek i 2013, innførte det: «Vi skal snakke bøkene ut av hyllene!» Og det fungerer. Vi ser at det som blir snakka om, det blir også utlånt. Gløym djuptgåande litterære analysar, det er mindre viktig. Norske bibliotek treng formidlingsglade bibliotekarar. Eg ønskjer meg glød, lidenskap, det ekte, for ikkje snakke om det ektefølte. Vi skal lokke fram leselysta og lesegleda til den alminnelege mann og kvinne –  og born!

Og så var det litteraturhusa, der artikkelforfattaren viser til ein Twitterdiskusjon:

… og eg blir mildast talt forundra når eg ser kva einskilde kan få seg til å påstå på tilmålte 140 twitter-teikn. Eg siterer nokre: «Biblioteka står for stille formidling, litteraturhusa for debatt, diskusjon og arrangement» eller «Biblioteka skal primært drive med katalogisering og gjenfinning».

Den lange artikkelen om dette og meir kan du lesa i Syn og Segn, den forkorta versjonen finn du på dagbladet.no