Det var i fjor at snakket om big data verkeleg vart big, i alle fall i media, og viktigaste grunnen til det heiter Edward Snowden. Men store datamengder kan røpe mange andre ting enn personar NSA vil halde auge med. Til dømes: Har bruken av eg/du/vi endra seg i løpet av dei siste 50 åra? Svaret er ja, det har til dels endra seg enormt.

(Foto:  Hilde Berteig Rustan: http://www.flickr.com/photos/nrkbok/611536053

766 513 bøker er silt for eg, du og vi. (Foto: Hilde Berteig Rustan http://www.flickr.com/photos/nrkbok/611536053

Som all teknologi kan big data brukast på talrike måtar, og i den danske avisa Information stod det nyleg å lese om tre forskarar som hadde gjennomgått 766.513 amerikanske bøker, både skjønnlitteratur og sakprosa frå perioden 1960-2008. Det dei bad om å få ut data om, var bruken av personlege pronomen. Har bruken av eg/du/vi endra seg i løpet av dei siste 50 åra? Svaret er ja, det har til dels endra seg enormt. Dette har eg hatt mistanke om lenge, eg har til og med snakka om det på radio, og her kjem altså big data med harde fakta som stemmer perfekt med det eg trur. Gleda over å ha rett blandar seg likevel med eit visst vemod. Funna Jean Twenge og to kollegaer kom fram til gjennom bruk av programmet Google Books, er ikkje berre oppløftande.

Eller forresten, det kjem nok an på korleis ein tolkar dei.

Tre spørsmål
Og det skal eg kome tilbake til men først, kva trur du om pronomen som eg/meg: trur du det har blitt meir eller mindre av dei i bøkene dei siste 50 åra? Rett svar er Ja, det har blitt 42 % meir eg og meg. Akkurat korleis dei har funne fram til talet veit eg ikkje for eg har ikkje greidd å finne fram til sjølve undersøkinga, her lit eg på at dei amerikanske forskarane og dei danske journalistane har gjort jobben sin.

Neste spørsmål er: Trur du det har blitt meir bruk av du/deg i litteraturen i løpet av dei siste 50 åra? Svaret er eit endå meir rungande Ja: det har blitt heile 300% meir du og deg.

Tredje og siste spørsmål er kva som har skjedd med pronomenparet vi/oss. Det har gått tilbake. Ikkje så kollossalt mykje, berre 10%, men altså dei pronomena som lagar ein større sirkel, eit fellesskap, er på retur mens vi stadig finn det naturleg å bruke meir eg og du. I bøkene altså. Seier dette noko om tida vi lever i? Og viss ja: Kva seier det? Slike spørsmål kan ikkje big data hjelpe oss med. Her trengst det tankekraft.

Er vi meir egoistiske enn før?
Det enklaste svaret er jo at vi er blitt meir sjølvsentrerte. «Det heiter ikkje vi no lenger, heretter heiter det eg». Men kanskje det er for enkelt. Då eg var heilt ny i NRK, sa eg aldri «eg» om meg sjølv, eg sa «vi» eller «ein». Men det var jo meg, eg berre kamuflerte det. Bak denne endringa, som er trur er vanleg, kan det liggje ei aukande sjølvsentrering, men det kan også vere uttrykk for ein mindre nøytral og meir tydeleg subjektiv stil. Det same gjeld romanar, som ofte vert skrivne i 1.person. Ordet «eg» fører lesarane tettare på hovudpersonen, og det har ikkje nødvendigvis noko med sjølvsentrering å gjere.

At ordet «vi» går tilbake kan rett og slett handle om at dei som før skreiv «vi» når dei meinte «eg» har slutta med det.

Bruken av ordet "du" i skjønnlitteratur og sakprosa har økt enormt! (Foto: Linn B. Gravdahl/ http://www.flickr.com/photos/nrkbok/6188218842/)

Bruken av ordet «du» i skjønnlitteratur og sakprosa har økt enormt! (Foto: Linn B. Gravdahl/ http://www.flickr.com/photos/nrkbok/6188218842/)

«Du»: Ordet med potensiale
Men den mest dramatiske endringa i denne undersøkinga hadde skjedd med orda «du» og «deg». Bruken skal ha auka med heile 300%. Eg har brukt dei 13 gonger no mens eg har skrive, og det er mykje oftare enn vanleg. Eg har gjort det for å understreke poenget. Når eg seier «du» er det for at du, ja nettopp du, skal føle at eg snakkar til deg, sjølv om du inst inne veit at eg snakkar til eit publikum, at det eg seier når ut til mange og at eg mest sannsynleg ikkje veit kven du er.

Når nokon seier «du» til ei stor gruppe, skjer det noko. Ein vender seg på same tid til ein og til alle. Der eit uttrykk som «Kjære alle saman» syner fram at her dreiar det seg om ei stor gruppe, så er ordet «du» 2. person eintal av alle eller massen eller folket. Alle som les eller høyrer. Dette veit radiofolk og politikarar og reklamefolk, slike som av ulike grunnar vil at du skal leggje merke til akkurat dei.

I løpet av dei siste tiåra har vi fått ein heil «du»-litteratur og ein «du»-journalistikk. Skribentane står til teneste og vil hjelpe oss av med mindreverdskompleks, muffinmagar, vonde kne, økonomiske problem og dårleg ånde. Dei vil hjelpe deg og meg til å bli betre enn alle andre. Det einaste som skal til er at du kjøper oppskrifta eller produktet dei har å tilby. «Du» er eit ord som verkar utruleg sterkt. Alle ønskjer å bli lagt merke til, bli sett pris på og bli vist omsorg. «Du» er eit vakkert og nødvendig ord i språket, men det er som med big data, det kan brukast og misbrukast. Don’t use it if you don’t mean it.

Avslørt av big data?
Kanskje denne undersøkinga først og fremst seier at stadig fleire seljarar og opinionsdannarar har oppdaga at det folk i dag treng, er at nokon skil dei ut av det store anonyme massen og kallar dei for det ordet som kan erstatte sjølve namnet deira, nemleg «du».

Er vi så frikjent for aukande egoisme og sjølvsentrering? Ikkje nødvendigvis. Oppslaget i Information viser også til andre undersøkingar som avslører at ordet «gi» er på retur, mens «få» og «ta» er på frammarsj. Ord som «solidaritet», «felles» og «plikt» taper terreng mot «fridom», «frivillig» og «rett».

Vi vil ikkje ha plikter, men vi vil ha rettar. Vi vil heller ha fridom enn å tenkje på fellesskapet, og heller enn forpliktande solidaritet synst vi ting skal vere frivillig, og opp til den enkelte.
Kan vi stole på big data i slike spørsmål? Er det slik?

Kva trur … du?