Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik.

Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skrifta. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umoglege oppdraget i riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide?

Dødeboka er ei spennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Boka er ein oppfølgjar til Mæhles store suksess frå 2009, Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og vart også nominert til Brageprisen.