Når NBUs litterære råd samlast til det første møtet etter årsmøtet, er det to nye representantar med, Kine Hellebust og Camilla Kuhn. Her kan du lesa litt om kven dei er, og kva dei vil.

kineKine Hellebust bur i Harstad og har i fleire år vore vara til rådet. Ho er skodespelar, songar, komponist og forfattar, har gjeve ut to barnebøker, sakprosabøker og fem skodespel. Kine har vore medlem i NBU sidan 2006.

– Kvifor sa du ja til å sitja i rådet?

– Har vore vara i fleire år, og er nett ferdig med eit stort bokprosjekt. Derfor tenkte eg det kunne vere både inspirerande og veldig nyttig å ta på meg dette vervet.

– Er det ei spesiell sak du er opptatt av?

– Alltid opptatt av saker. Å arbeide for at barnebokforfattarar, som har ei stor kunstnarleg samfunnsoppgåve, har gode vilkår – er ei av dei.

– Kva tenkjer du om litterær kvalitet?

– Noe som utviklar seg med prøving og støtte, møte med publikum, og nye oppgåver – t.d. frå forlag(et).

– Kva for bok drøymer du sjølv om å skriva?

– Nett no er eg i tenkeboksen på tre idear som eg drøymer om skal ut ein gong, men kva for ei eg startar med, veit eg ikkje enno.

– Kva for barne- eller ungdomsbok har gjort sterkast inntrykk på deg?

– Den første eg kjem på er Maria Gripes Hugo og Josefin, den andre er Ole Brumm.

– Kva liker du best å gjera når du ikkje skriv/teiknar eller les bøkene andre skriv?

– Om sommaren driv eg eit lite galleri i Malangen (6 mil sør for Tromsø), og elles jobbar eg som artist anten saman med andre, eller aleine.

Camilla_Kuhn_019477Camilla Kuhn bur i Oslo og er barnebokforfattar og illustratør. Ho debuterte som barnebokforfattar og illustratør i 2007 med «Hvordan Grger Grinebiter havnet i bitter duell og alt nesten ble rosa». Hae seniare skrive og illustrert ni bøker. Camilla har vore medlem i NBU sidan 2010.

– Kvifor sa du ja til å sitja i rådet?

– Det var veldig lett å si ja. Man kan jo ikke si nei til noe sånt? Få muligheten til å lese alle bøkene man aldri ville tatt seg tid til å lese ellers, og få et innblikk i de hemmelige planene til stipendsøkende forfattere rundt omkring. Og så var jeg jo veldig nysgjerrig på om rådet VIRKELIG var sånn frimurerlosje-aktig som jeg så det for meg; møter med hemmelige adgangsord, kapper og hetter og graler og septere. Men akkurat der ser det jo litt dårlig ut så langt.gorm

 – Er det ei spesiell sak du er opptatt av?

–  Nei, jeg vil ikke påstå det. Jeg er opptatt av barnelitteratur generelt, og at den skal være god, og bred, og bli tatt godt vare på.

 – Kva tenkjer du om litterær kvalitet?

– At den er veldig vanskelig å måle. Men at man må prøve så godt man kan likevel. For min egen del går det som oftest på magefølelsen, om teksten har noe ved seg som treffer meg følelsesmessig på et eller annet plan.-

– Kva for bok drøymer du sjølv om å skriva?

– Jeg drømmer vel om, som de aller fleste forfattere vil jeg tro, å skrive en bok som blir lest og hyllet av millioner av barn i hele verden. Men for å moderere meg litt, så drømmer jeg om å skrive en bok jeg er HELT fornøyd med. HELT fornøyd.

 – Kva for barne- eller ungdomsbok har gjort sterkast inntrykk på deg?

– Beatrix Potter sine billedbøker. De gjorde at jeg ville BLI Beatrix Potter. Og det har jeg jo på en måte blitt. Litt.

 – Kva liker du best å gjera når du ikkje skriv/teiknar eller les bøkene andre skriv?

– Da liker jeg best å være alene i skogen med hundene mine. Og å være mamma.

Dei som sit i rådet frå før: Karin Kinge Lindboe og Synne Sun Løes vart attvalde, Bjørn F Rørvik og Tor Arve Røssland var ikkje på val, Tor Arve er nå rådsleiar etter at Ingelin Røssland gjekk ut etter seks år. Erna Osland tok ikkje attval.

Lene Ask er nå vara til rådet. Ho bur i Oslo, er fotograf, illustratør, teikneserieskapar og barnebokforfattar. Til saman har ho gjeve ut seks bildebøker og tre teikneseriebøker.

Les også: Nye i styret